Foto: Tine Poppe

Korleis bli fosterheim

Snakk med oss

Vi har rådgjevarar du kan snakke med. Vi informerer mellom anna om kva det inneber å vere fosterheim, korleis det påverkar kvardagen din, økonomiske godtgjersler og eventuelle konsekvensar for arbeidssituasjonen din.

Det er fleire måtar å få informasjon på:

  • Du kan kontakte di lokale fosterheimsteneste via kontaktskjema eller e-post
  • Du kan ringje oss
  • Du kan møte oss på kontoret vårt
  • Du kan vere med på eit informasjonsmøte hos oss
  • Vi kan kome heim til deg for ein samtale

Fosterheim for barn du kjenner

Familiemedlemmer og slektningar som tanter, onklar og besteforeldre er ofte godt eigna som fosterforeldre. Det same gjeld barnet sitt nettverk, som fotballtrenarar, lærarar eller venner. Les meir om fosterheim i slekt og nettverk.

Møt oss

Eigenpresentasjon og heimebesøk

Dersom du ønskjer å gå vidare i prosessen, kan du heilt uforpliktande fylle ut eit eigenpresentasjonsskjema der du fortel litt om:

  • Familiesituasjon
  • Bustadtilhøve
  • Arbeidssituasjon
  • Helse

Eigenpresentasjonsskjemaet må du sende per post til di lokale fosterheimsteneste. Du skal ikkje bruke e-post fordi skjemaet inneheld informasjon og personopplysningar som er omfatta av teieplikta. 

Når du har sendt inn skjemaet, vil fosterheimstenesta ta kontakt med deg.

Delta på kurs

PRIDE (Parent Resources for Information, Development, and Education) er eit opplæringsprogram som gjev deg høve til å vurdere om det å vere fosterheim er noko for deg.

Alle som skal bli fosterforeldre må gjennomføre PRIDE-kurs. Før du kan melde deg på PRIDE-kurs må du ha levert eigenpresentasjonsskjema til di lokale fosterheimsteneste per post og fått dette godkjent. 

Det finst ulike typar PRIDE-kurs:

PRIDE grunnkurs er på 30 timar, fordelt på helgesamlingar. Heile kurset er gjennomført på  om lag 4 månader. Kurset er gratis.

Kursdeltakarar som har lang reiseveg blir tilbydd overnatting på hotell.

Heimebesøk og samtaler

Mellom kurshelgane i PRIDE grunnopplæring arbeider du med heimeoppgåver og får heimebesøk av kursleiarane. Til saman skal det gjennomførast 4 heimebesøk eller samtaler: eit møte før kurset, to mellom og eitt etter kurssamlingane. Kursleiarane skal ha samtalar med alle i fosterheimen.

Godkjenning

Når du har gjennomført PRIDE-kurs, blir du førehandsvurdert av fosterheimstenesta, og det blir eventuelt gjeve ei tilråding om at du kan bli fosterhjem. 

Det er barneverntenesta i kommunen din som formelt godkjenner deg som fosterheim. 

Rett familie til rett barn

Det er viktig å finne den rette fosterheimen til det enkelte fosterbarn. Barnet og barnet sin familie har rett til å uttale seg om val av fosterfamilie. I nokre tilfelle kan det difor ta litt tid før du blir kontakta om eit konkret barn. 

Før barnet flyttar inn, blir fosterheimen som regel kjent både med fosterbarnet og familien til barnet. 

Fosterfamilien må legge fram helseattest (gjeld både vaksne og barn). Det får du hos fastlegen din.

Fosterfamilien må også legge fram politiattest (gjeld alle over 18 år som bur i huset). Alle strafferettslege reaksjonar vil vise på attesten (ikkje forenkla forelegg).

Finn din lokale fosterhjemstjeneste

Ønsker du å få tilsendt informasjon om det å være fosterhjem? Har du spørsmål? Vil du melde deg på informasjonsmøte? Ta kontakt med fosterhjemstjenesten der du bor.

Publisert 24. januar 2014.
Oppdatert 17. april 2015.