Ulike barn treng ulike fosterheimar. Det alle gode fosterheimar har til felles er at dei har vaksne med god omsorgsevne og overskot til barna.

Både gifte, sambuarar, einslege eller likekjønna par kan bli fosterforeldre. 

Generelle krav til fosterheimar

Fosterforeldre må tilfredsstille nokre krav. Du må ha:

  • God vandel, og legge fram uttømmande og utvida politiattest
  • Interesse og overskot til å gje barn ein trygg og god heim
  • Stabil livssituasjon
  • Alminneleg god helse
  • Gode samarbeidsevner
  • Økonomi, bustad og sosialt nettverk som gjev barn rom for livsutfalding

Alle som skal bli fosterforeldre må gjennomføre PRIDE-kurs 

Einslege som fosterheim

Fleire fosterheimar består av ei einsleg fostermor eller ein fosterfar. Du som er einsleg kan ha ressursar som gjer nettopp deg godt eigna. Dersom du er den einaste vaksne i familien, bør du ha eit godt nettverk av støttespelarar rundt deg. 

Fleirkulturelle familiar som fosterheim

Fleirkulturelle familiar som ønskjer å bli fosterheim er viktige ressursar. Det er i mange tilfelle ønskjeleg å plassere barn i ein fosterheim med same religiøse eller kulturelle bakgrunn. 

I dei seinare åra har det vore eit særleg behov for fosterheimar frå afrikanske, aust-europeiske og asiatiske land. Vi treng også fosterheimar for einslege mindreårige som i dag bur i asylmottak eller på institusjon. 

Familie og nettverk som fosterheim

Familiemedlemmer og slektningar som tanter, onklar og besteforeldre er ofte godt eigna som fosterforeldre. 

Les meir om fosterheim i slekt og nettverk

Fosterforeldre og alder

Fosterforeldre må ha tid og overskot til å ta seg av eit fosterbarn. Fosterforeldra sin alder bør difor tilpassast alderen til barnet slik at dei normalt kunne vore foreldre. 

Besteforeldre kan likevel bli fosterforeldre for barn, dersom det blir vurdert som den beste løysninga. Dersom situasjonen seier det, kan også unge menneske bli vurdert som fosterforeldre for ungdom.

Alder treng difor ikkje å utelukke moglegheita for å bli fosterforeldre.

Finn din lokale fosterhjemtjeneste

Ønsker du å få tilsendt informasjon om det å være fosterhjem? Har du spørsmål? Vil du melde deg på informasjonsmøte? Ta kontakt med fosterhjemstjenesten der du bor.

Publisert 21. august 2013.
Oppdatert 12. februar 2016.