Foreldrehverdag.no hjelper deg å bli betre kjend med barnet ditt og deg sjølv, og handlar om forholdet mellom dykk.

Du får ikkje fasitsvar, men kanskje nokon nye tankar om kvifor du gjer som du gjer, kvifor barnet ditt gjer som det gjer, og korleis de kan få det betre saman i kvardagen.

Målet med Foreldrehverdag.no er å gjere foreldre meir bevisste og reflekterte, og få dei til å føle at dei meistrar oppgåvene. Det manglar ikkje på gode råd og meiningar om foreldreskap i det offentlege rom. Mange foreldre føler seg usikre på korleis dei skal og bør reagere i ulike situasjonar.

Illustrasjonsbilde

Godt nok er best

Visste du at fagfolk meiner at «godt nok» foreldreskap faktisk er det beste du kan gi barnet ditt? Med godt nok foreldreskap meiner vi at barnet, med utgangspunkt i eit trygt og utviklande miljø, får oppleve ulike sider ved deg som forelder. Det vil mellom anna seie at mor eller far ikkje alltid står klare til å løyse barna sine vanskar og frustrasjonar til kvar tid. Vi gjer alle «feil», og ingen menneske reagerer 100 prosent ideelt støtt.

Alle foreldre opplever å misforstå barnet sitt, og vi oppfører oss annleis enn vi hadde tenkt innimellom. Dette er ein del av familielivet, som både barn og vaksne kan lære mykje av.

Kva fungerer for dykk?

Heldigvis finst det ikkje éin rett måte å vere forelder på. Det er opp til kvar einskild familie å prøve seg fram og finne ut kva som fungerer best for dykk, basert på kven du er, kven barnet ditt er, og kva situasjon de er i. Det finst heller aldri berre éin måte å løyse ein situasjon på. For å finne den rette vegen for dykk, må de som regel både prøve og feile.

Du kjenner barnet best

Foreldrehverdag.no er utan peikefingrar og standardoppskrifter, og tek utgangspunkt i at det er du som kjenner barnet ditt og familiesituasjonen din best. Her får du heller hjelp til å forstå deg sjølv og barnet ditt betre, og du får kanskje ein større verktøykasse og blir meir trygg i foreldrerolla.

Ved å tenke litt over kva du ønsker for barnet ditt, kva du tenker er viktig å lære bort og kva du har med frå din eigen oppvekst og kultur, kan du lære å sjå deg sjølv utanfrå, samtidig som du ser barnet ditt innanfrå.

Illustrasjonsbilde

Bygger på eit godt innarbeidd program

Foreldrehverdag.no er utvikla i samarbeid med fagfolk, og bygger på International Child Development Programme (ICDP). ICDP fokuserer på forholdet mellom vaksne og barn, og blir nytta av mellom anna UNICEF, WHO og mange norske kommunar og helsestasjonar.

Publisert 07. februar 2018.
Oppdatert 07. februar 2018.