Nokre gongar treng barn å snakke med nokon andre enn foreldra om ting som er vanskeleg. I samband med mekling skal barn høyrast.

Barn kan kome til samtaler hos familievernet. Dei kan ha samtaler også ved andre familieproblem, til dømes:

  • konflikt mellom foreldra
  • fysisk og psykisk vald
  • sjukdom/rus hos foreldra
  • tvangsekteskap
  • kontroll, press og tvang i familien

Nokre familievernkontor arrangerer samtalegrupper for barn etter samlivsbrotet til foreldra, ofte i samarbeid med skole/helsesøster. Kontakt det lokale familievernkontoret ditt for meir informasjon.