Kva med oss? og Kva med meg? er kurs for foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne, fysiske eller psykiske vanskar eller kronisk sjukdom.

Kurset passar for dykk som: 

  • har ein utfordrande kvardag
  • vil ha tid til å vere kjærestar
  • vil ha hjelp til å bli betre på kommunikasjon
  • kjenner de har lite tid til kvarandre
  • ønskjer verkty til å handtere konflikter
  • vil unngå krangling
  • vil treffe andre foreldre i same situasjon

Kursa går over ei helg, som regel frå fredag til søndag, og er lagt til hyggelege hotell rundt om i landet. 

Kurs for par

Kva med oss?

Familier med barn med nedsett funksjonsevne kan oppleve store utfordringar knytta til funksjonshemminga til barnet.

Det kan handle om forholdet til hjelpeapparatet, eller det kan vere dårleg samvit for andre barn i familien. Ofte blir det lite tid til slekt og vener. Nokre kjenner også på vonde reaksjonar og kjensler, særleg når ein er sliten eller får lite nattesømn.

Godt å dele erfaringar med nokon

Foreldre kan kjenne seg einsame om erfaringane med å ha barn med nedsett funksjonsevne. Det er nokre gongar vanskeleg å dele opplevingane, andre menneske skjønar så lite av korleis dette livet er. Det kan handle om det som blir slitsamt. Men også om kor godt det er å oppleve hjelparar og venar som forstår. Eller gleda over dei små positive endringane hos barnet som andre kanskje ikkje ser eller skjønar.

Lite tid til å prioriterer parforholdet

Mange par opplever at det blir lita tid til å prioritere parforholdet. Dette kan etter kvart gjere at par opplever avstand og dårleg kommunikasjon, og det kan utvikle seg konflikter.

God omsorg for barn heng saman med foreldra si evne til å ta vare på seg sjølve som par. Eit godt parforhold er rett og slett nøkkelen til eit lettare daglegliv i familien. Det er derfor Kva med oss? - tilbodet vart utvikla. Kva med oss? er ein møteplass der foreldre kan få dele erfaringar og opplevingar.

Gjennom å lytte til andre sine erfaringar, løysingar og utfordringar kan ein får verdifulle opplevingar knytta til eigne relasjonar og eige liv. Eit hovudmål med Kva med oss?-kursa er at det skal bli mogleg for para å styrke parforholdet og samarbeidet i familien.

Det forebyggande effekten av Kva med oss? handlar om å redusere konfliktutvikling og risisko for samlivsbrot. Statistisk sett er det ikkje grunnlag for å fastslå at samlivsbrotraten er høgare hos par som har barn med nedsett funksjonevne enn hos andre par. Men dei ekstra utfordringane kan føre til at forholdet utviklar seg i negativ retning.

Eit Kva med oss?-kurs kan bidra til at de ser viktige sider av samlivet som de kan prioritere sterkare, slik som kommunikasjon, konflikthandtering, dele emosjonelle reaksjonar og ikkje minst å dele gode fellesopplevingar som par og kjærastar.

Tema på kurset

 Kva med oss?-kursa varer som regel frå fredag kveld til søndag ettermiddag, og tek opp følgande tema:

  • trongen vår for kontakt, tilknytning og ei trygg hamn
  • parforholdet
  • kjensler og kommunikasjon
  • livet med eit spesielt barn
  • å vere nær kvarandre
  • reparasjonar i samlivet
  • korleis får vi tid og plass til alle i familien?
  • dele glede, meining og håp

Sjå film om Kva med oss?

Påmelding

Sjå oversikt over Kva med oss?-kursa og med dykk på

Kurs for åleineforeldre

kva med meg? - Kurs for åleineforeldre

Står du åleine med ansvar for barn med nedsett funksjonsevne, kan du oppleve mange av dei same utfordringane som par gjer. Dette gjeld anten du er hovudomsorgspersonen eller har ein mindre del av den daglege omsorgen. 

På fleire område kan ein kjenne seg meir belasta og sliten, nettopp fordi ein er åleine om ansvaret. Dette kan gjelde både praktiske gjeremål, atterleten og alle dei samansatte og kompliserte kjenslene som kan svinge frå sorg til glede. 

Mange einslege som har gjennomgått eit samlivsbrot, opplever også at det vanskeleg med foreldresamarbeid. Eigne kurs for einslege forsørgarar for barn med nedsett funksjonsevne er difor eit viktig tilbod i Kva med oss?

Tema for kurset: 

  • Sånn er livet: ei lita forteljing frå kvar deltakar
  • Foreldresamarbeid
  • Kommunikasjon: som nøkkel til samarbeid og forståing
  • Familie og nettverk: korleis nytte seg postitivt av dei utan å få dårleg samvit?
  • Kjensler er fakta: om dei samansatte kjenslene, og tydinga av å dele dei med nokon
  • Energi, glede og pågangsmot: korleis få pusterom nok til seg sjølv, og overskot nok til barn?

Påmelding

Sjå oversikta over Kva med meg?-kurs og meld deg på

Påmelding

Påmelding

Sjå i kursoversikta og meld deg på det kurset som passar for deg
Publisert 17. juli 2015.
Oppdatert 17. juli 2015.