Familievernet gir tilbod om rådgjeving og behandling til alle som opplever vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Dette kan vere alt frå kvardagsproblem til samlivsbrot og overtaking av omsorg. I familievernet arbeider det blant anna familieterapeutar, psykologar og sosionomar. 

Tilbodet er frivilleg og gratis. 

På bufdir.no/familie finn du ei oversikt over alle familievernkontora i landet. Du kan sjølv ta kontakt og be om time.

Barnvernstenesta har ansvar for å følgje opp foreldre etter ei omsorgsovertaking. Nokre foreldre synes det er utfordrande å samarbeide med og motta hjelp frå barnevernet i ein slik situasjon, samstundes som dei opplever å trenge mykje hjelp og støtte. Difor har familievernet fått eit særskilt ansvar til å gi eit tilbod til forelde som har blitt fåteken omsorgen for barnet sitt. 

Kva slags hjelp kan du få på familievernkontoret?

Bearbeide kjensler

Å bli fråteken omsorgen for barnet sitt, er ei av ei største krisene foreldre kan oppleve. Også foreldre som er einige i at barnevernet skal overta omsorgen, kan ha behov for hjelp og støtte. Kanskje du opplever situasjonen som svært kaotisk og uoversiktleg, sit med mange spørsmål du ikkje har fått svar på. Det er vanleg å kjenne på kjensler som fortviling, sakn, sinne, sorg, skuld og maktesløyse. Nokre kan også kjenne letnad, og kanskje få dårleg samvit for at dei kjenner seg letta. 

Det er ofte god støtte i det å dele kjensler og erfaringar med nokon som er vane med å snakke med menneske som har opplevd liknande situasjonar. Familievernkontoret kan hjelpe deg med å handtere den nye livssituasjonen, uansett om omsorgsovertakinga er vurdert å vere kortvarig eller langvarig. Du vil få støtte på dine eigne premissar, og hjelp til å sjå framover. 

Råd og rettleiing

Mange foreldre er usikre på korleis dei kan vere foreldre når barna ikkje bur hos dei. På familievernkontoret kan du få hjelp til å sjåkva for behov barnet ditt har, slik at samværet blir best mogleg for dere begge. Du vil bli betre førebudd på situasjonar som kan oppstå, og korleis du kan handtere desse. Du kan også få hjelp til å bygge opp eit konstruktivt samarbeid rundt barnet ditt.

Samtalegrupper

Nokre familievernkontor tilbyr samtalegrpper og kurs for foreldre som er fråteken omsorga. For mange kjennes det godt å møte andre foreldre i same situasjon, som dei kan dele erfaringar med.

Kva kan familieveret ikkje gjere?

  • Familievernet skal ikkje vurdere evna di til å gi barnet omsorg
  • Familievernet kan ikkje endre vedtaket om omsorgsovertaket
  • Familievernet kan ikkje endre ordninga om samvær eller auke mengda samvær.

Er det viktig for barna at du tek imot hjelp?

Dei fleste barn tenkjer for mykje på foreldra når dei bur på institusjon eller hos ein fosterfamilie. Om dei opplever at foreldra har det tungt, kan dei bli uroa.

Uroa kan gjere det vanskeleg å slappe av i leik eller å konsentrere seg på skolen. Det kan vere trygt for barnet å vite at andre vaksne hjelper deg.

Teieplikt, meldeplikt og opplysningsplikt

Dei som jobbar i familievernet har teieplikt, og skal i utgangspunktet ikkje fortelje noko vidare. Dersom dei blir alvorleg uroa for eit barn sin omsorgssituasjon, har dei likevel plikt til å melde frå om dette til barnevernet. 

Barnevernet har rett til å hente inn opplysningar frå familievernet, men det skal ihovudsak skje i samarbeid med foreldra. Tilsette i familievernet kan bli kalla inn som vitnar i fylkesnemnda eller tingretten, og har då dei plikt til å svare på spørsmål.

Korleis komme i kontakt med eit familievernkontor?

På bufdir.no/familie finn du ei oversikt over alle familievernkontora i landet. Du kan sjølv ta kontakt og be om time.

Barnevernstenesta kan også tinge time for deg, om du heller vil det. Då må du fylle ut eit samtykkeskjema der du seier det er greitt at barnevernstenesta tek kontakt med Familievernet for deg. Dette skjemaet fyller du ut hos barnevernstenesta. 

Det er fritt val av familievernkontor. Det tyder at du kan velje å bruke eit anna familievernkontor enn det som ligg nærast heimstaden din. Om du får store reiserutgifter ved å oppsøke eit familievernkontor, kan du ta kontakt med sakshandsamaren din i barnevernstenesta for å høyre om det er mogleg å få dekka kostnadane. 

Publisert 10. juli 2015.
Oppdatert 20. mars 2017.