Dine rettar

Du har rett til å få vite kvifor du er i fosterheim

Du har rett til å få vite kvifor du er i fosterheim og kor lenge du skal vere der. Det er barnevernstenesta som har ansvaret for at du får informasjon, sjølv om det kanskje er fosterforeldra dine som snakkar med deg om dette. 

Du har rett til å vere saman med foreldra dine når du bur i fosterheim

Du har rett til å vere saman med foreldra dine når du bur i fosterheim. Kor mykje du skal vere saman med dei var bestemt av fylkesnemnda eller barnevernstenesta og foreldra dine samstundes som det vart bestemt at du skal bu i fosterheim. Nokre gongar kan det vere bestemt at du ikkje skal vere saman med foreldra dine.

Det kan også vere bestemt at du skal vere saman med andre slektningar eller personar du kjenner godt. Fosterforeldra dine skal hjelpe til slik at du får vere saman med dei. Du kan også seie frå dersom det er nokon i familien din eller andre du hadde kontakt med før du flytta, som du gjerne vil treffe.

Barnevernstenesta skal lage ein plan for kven du skal treffe, kor ofte og kvar. Dette gjeld også for fødselsdagar, jul og andre høgtider. Nokre gongar bestemmer dei også kor ofte du og familien din skal ringe til kvarandre.

Barnevernstenesta eller fylkesnemnda kan bestemme at det skal vere nokon saman med deg når du treffer foreldra dine. Du kan også seie frå anten til fosterforeldra dine, sakshandsamar eller tilsynsperson om du vil at det skal vere nokon saman med deg.

Både sakshandsamar i barnevernstenesta og tilsynspersonen skal spørje deg korleis du synes besøka er og om du ønskjer at de skal treffast oftare eller sjeldnare.

Du har rett til å få snakke med sakshandsamaren din når du lurer på noko

I kvar kommune er ein barnevernsteneste. Du har ein sakshandsamar hos barnevernstenesta. Sakshandsamaren din skal kome å besøke deg i fosterheimen din minst fire gongar i året for å sjå om du har det bra der. Om du har budd i fosterheimen i to år og har det bra der, kan barnevernstenesta bestemme at det er nok å kome to gongar i året.

Du har rett til å få snakke med sakshandsamaren din når du lurer på noko. Du kan be om å få snakke med sakshandsamaren din utan at fosterforeldra dine er til stades. Barnevernstenesta har plikt til å lage ein plan for korleis du skal ha det når du er i fosterheimen, og kva for hjelp treng medan du er der.

Planen skal også seie noko om kor lenge barnevernstenesta meiner du skal vere i fosterheim. Dersom det er behov for det, skal planen endrast. Barnevernstenesta skal følgje med på at planen blir følgt når dei kjem på besøk i fosterheimen din. Sakshandsamaren din skal også ha kontakt med fosterforeldra dine til dømes ved besøk i fosterheimen, på møter i barnevernstenesta og på telefon.

Nokre av desse møta kan du også vere med på dersom du ønskjer det. Det er det sakshandsamaren din som bestemmer. Sakshandsamaren din skal ha kontakt med foreldra dine og tilby dei rettleiing og oppfølging. Sakshandsamaren din kan også hjelpe foreldra dine med å få hjelp frå andre dersom dei ønskjer det.

Du har rett til eigen tilsynsperson

Når du bur i ein fosterheim, har du rett til ein eigen tilsynsperson som skal passe på at du har det bra i fosterheimen din. Tilsynspersonen er ein du kan snakke med om korleis du har det i fosterheimen.

Det er barnevernstenesta som skal finne ein tilsynsperson til deg, og dei skal la deg får seie meininga di før tilsynspersonen blir vald. Det er sakshandsamar i barnevernstenesta som skal fortelje deg namnet på tilsynspersonen. Fosterforeldra og foreldra dine skal vite kven tilsynspersonen din er. Du kan snakke med tilsynspersonen din når du vil, og du har rett til å snakke med tilsynspersonen din åleine.

Tilsynspersonen din skal kome å snakke med deg minst fire gongar i året, og skal fortelje deg korleis du kan få tak i han eller henne utanom besøka dersom du treng det. Om du har budd i fosterheimen i meir enn to år, kan du og barnevernstenesta bli einige om at tilsynspersonen berre skal besøke deg to gongar i året. Dersom tilsynspersonen din ikkje kjem, må fosterforeldra dine seie frå til barnevernstenesta om det.

Her er noko av det tilsynspersonen ønskjer å snakke med deg om:

  • Er det noko spesielt som har hendt sidan sist?
  • Korleis trivast du i fosterheimen?
  • Korleis er det på skolen?
  • Kva gjer du etter skoletid og i helgene?
  • Korleis er samveret med familien din?
  • Er det noko spesielt som skal skje i tida framover?

Tilsynspersonen din skal skrive rapportar om det du fortel. Desse rapportane skal leverast til barnevernstenesta. Sakshandsamaren din i barnevernstenesta les rapportane. Dersom du fortel tilsynspersonen din om noko du treng hjelp med, skal barnevernstenesta sørgje for at du får den hjelpa du treng.

Om du synes det er vanskeleg å få god kontakt med tilsynspersonen din, kan du seie frå om det til barnevernstenesta.

Du har rett til å få seie meininga di

Både fosterforeldra dine og andre vaksne som tek avgjersler som gjeld deg, skal gi deg muligheita til å seie det du meiner. Dei skal også høyre på deg og ta omsyn til det du seier. Du har alltid rett til å seie det du meiner, men du må ikkje seie kva du meiner sjølv om dei vaksne spør.

Nokre fosterbarn synes at det blir mange vaksne å snakke med. Dersom du har det sånn, kan du ta det opp med fosterforeldra dine eller seie det direkte til sakshandsamar og tilsynspersonen. 

Kven bestemmer kva når du bur i fosterheim?

Du

Etter kvart som du blir eldre skal du få bestemme meir og meir sjølv. Fosterforeldra dine skal hjelpe deg slik at du får drive med fritidsaktivitetar som du likar og slik at du får vere saman med venar du trivast med. Når du er fylt 15 år, har du blant anna rett til å bestemme kva for skole du vil gå på og kva for religion du vil høyre til.

Fosterforeldra

Når du er i fosterheim har fosterforeldra ansvaret for deg og skal ta avgjersler som gjeld deg i det daglige. Det tyder blant anna at fosterforeldra dine skal ha kontakt med skolen, følgje opp fritidsaktivitetane dine og ta deg med til lege dersom du er sjuk. Det er også fosterforeldra dine som har det avgjerande ordet når det gjeld avtaler mellom dykk om kor lenge du kan vere ute om kvelden og kva for aktivitetar du kan vere med på.

Foreldra dine

Foreldra dine bestemmer vanlegvis kva for religion du skal høyre til og skolegangen din fram til du er 15 år. I tillegg bestemmer dei blant anna kva for namn du skal ha, både fornamn og etternamn.

Barnevernstenesta

Nokre store avgjersler må fosterforeldra dine snakke med barnevernstenesta om. Det gjelder til dømes om du kan vere med dei på utanlandsturar utanfor Norden, og om dei kan ta med seg deg og flytte til ein annan stad.

Fylkesnemnda

I nokre saker er det foreldra som bestemmer at eit barn skal bu i fosterheim, og ande gongar er det fylkesnemnda.

Fylkesnemnda er satt saman av ein leiar som er jurist, og to til fire personar som kallast fagkyndige og lekmenn. Dei fagkyndige kan vere psykolog, barnevernspedagog eller sosionom. Lekfolk skal vere heilt “vanlege” folk. Når dei skal bestemme noko for eit barn, kallast det inn til eit møte. Her møter også sakshandsamar frå barnevernstenesta med ein advokat og foreldra dine med advokat. Når du har fylt 15 år har du også det vi kallar partsrettar og kan møte med eigen advokat.

Andre som kjenner deg og familien din kan bli bedt om å kome til møtet i fylkesnemnda for å svare på spørsmål. Fylkesnemnda og advokatane stiller spørsmål for å få mest mogleg informasjon om deg og korleis du har det. Om du allereie bur i fosterheim når fylkesnemnda skal bestemme noko for deg, kan fosterforeldra dine kallast inn som vitne. Dersom det er fylkesnemnda som har bestemt at du skal bu i fosterheim, bestemmer fylkesnemnda også kor ofte du skal treffe foreldra dine og om du skal flytte heim til familien din igjen eller ikkje.

Økonomi

Fosterforeldra dine får pengar frå barnevernstenesta og barnetrygd kvar månad som skal gå til mat, kle, lommepengar, telefon, ferie og fritidsaktivitetar. Det er fosterforeldra dine som bestemmer over desse pengane og kor mykje du skal få i lommepengar. Dersom du held på med fritidsaktivitetar som kostar mykje pengar, kan fosterforeldra dine søke om pengar til dette frå barnevernstenesta. 

Teieplikt

Både fosterforeldra dine, sakshandsamar og tilsynspersonen din har teieplikt når det gjeld deg og bakgrunnen din. Dei kan snakke med kvarandre om deg for best å kunne sørgje for at du har det bra. Dersom du startar på ny skole, er det viktig å snakke om kva lærarane skal få vite om deg og kva dei andre i klassen skal få vite. Det kan vere lurt at dei veit at du bur i fosterheim. 

Når du fyller 18 år

Når du fyller 18 år har ikkje barnevernet omsorga for deg lenger. Du kan likevel halde fram med å bu i fosterheimen. Barnevernstenesta skal snakke med deg om du ønskjer å halde fram med å bu i fosterheimen i god tid før du fyller 18 år.

Dersom du ønskjer det, kan barnevernstenesta bestemme at du skal få halde fram med å bu i fosterheimen eller få anna hjelp frå barnevernstenesta fram til du fyller 23. Du kan klage til fylkesmannen dersom barnevernstenesta bestemmer at du ikkje kan få bu i fosterheimen etter at du har fylt 18 år. Du skal få hjelp av barnevernstenesta dersom du vil sende ei slik klage. Du kan også ringe til fylkesmannen for å få hjelp med klagen.

Nokre ungdommar som sjølv har budd i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon har laga ein film om det å vere 17 år og bestemme seg for kva ein vil på 18-årsdagen. Filmen heiter “En verdig start på voksenlivet – en film om ettervern”. Barnevernstenesta har denne filmen, og du bør sjå på den i god tid før du fyller 18 år, anten saman med fosterforeldra dine, sakshandsamar eller tilsynspersonen din. Dei ungdommane som har laga filmen er med i ei foreining som heiter Landsforeningen for barnevernsbarn.

Du kan finne ut meir om foreininga på nettsida deira.

Publisert 30. juni 2015.
Oppdatert 30. juni 2015.