Homoseksualitet har gått frå å bli rekna som synd og sjukdom, til å bli grunnlag for felles identitet og politisk kamp frå midten av 1900-talet.

Av Runar Jordåen og Birger Berge, Skeivt arkiv

Fordi naturen har skapt oss slik at vi definitivt utgjør et tredje menneskekjønn («det tredje kjønn»), må vi forlange å få leve vårt liv slik det er naturlig for oss, så lenge vi ikke dermed direkte skader andre.

Dette var opningsorda i den første brosjyren til den norske avdelinga av den skandinaviske homo-organisasjonen Forbundet av 1948. Tre år seinare blei dette ein sjølvstendig norsk organisasjon under namnet «Det norske forbundet av 1948» (heretter DNF-48).

DNF-48 si brosjyre inneheldt oppfatningar med røter på 1800-talet om at likekjønna seksualitet var ei medfødd «legning». Om prestane før hadde vore ekspertane på menneskesjela, inntok no legane det menneskelege sinnet, deriblant seksualiteten og det som blei kalla «homoseksualitet».

Formuleringa «det tredje kjønn» syner at dei nye forståingane gav opphav til den homoseksuelle som ein spesifikk type individ med karakteristiske trekk. Det gav også grobotn for felles identitet og politisk kamp for homoseksuelle.

Den homoseksuelle blir til

Fram til slutten av 1800-talet var likekjønna seksualitet forstått først og fremst som ei djupt umoralsk handling; det blei sett på som ein del av kategorien sodomi eller «omgjengelse mot naturen», som ein type alvorlege, syndige ugjerningar.

Christian Vs Norske lov av 1687 straffa omgjengelse mot naturen, som òg omfatta sex med dyr (bestialitet), med «baal og brand».

Frå dødsstraff til straffarbeid og fengsel

Då Noreg fekk ei eiga kriminallov i 1842 var forbodet vidareførd, men dødsstraffa var no erstatta med straffarbeid frå eit halvt til tre år. Som den norske straffelova og andre liknande europeiske lover, var likekjønna seksualitet tabu, oppfatta som syndig og umoralsk, ein erverva eller «smitsam» eigenskap.

Allereie i 1887 foreslo straffelovkommisjonen sin formann Bernhard Getz at straff for likekjønna seksualitet i det heile burde avskaffast, mellom anna fordi det i følgje hans oppfatning, basert ny psykiatrisk/sexologisk kunnskap, var snakk om ei ibuande eller medfødd drift.

Getz sine tankar braut radikalt med den etablerte sodomi-diskursen, men var for langt ute i den medisinske avantgarden til at han fekk politisk gjennomslag for avkriminalisering. Ei viss innverknad fekk dei likevel: § 213 i den nye Straffelova av 1902 forbaud rett nok «utugtig Omgjængelse» mellom menn med fengsel inntil eitt år, men paragrafen fekk ein passus (tredje ledd) om at påtale berre skulle finna stad når «almene hensyn» kravde det.

I praksis var dette når «offentlig forargelse» var vakt og i tilfelle der ungdom var forført. Dei første spirene til organisert homokamp skjedde likevel ikkje i Noreg, men på kontinentet.

Essensialismen: fødd sånn

I 1897 hadde Magnus Hirschfeld i Berlin skipa den første organisasjonen som kjempa mot kriminalisering av likekjønna seksualitet. Fundamentet var den sexologiske fødd sånn-diskursen.

Tankane frå Tyskland spreidde seg etter kvart til Noreg, sjølv om det ikkje førte til noka organisering før 1950. Det var like fullt slik at også norsk psykiatrar frå slutten av 1800-talet støtta tanken om homoseksualitet som eit biologisk og medisinsk fenomen heller enn ei forkasteleg, syndig og kriminell handling.

Slik sett blei den medisinske kunnskapen langt på veg ein potensiell alliert i kampen for avkriminalisering, som me såg i tilfellet med Bernhard Getz.

Medlemmar av det øvre samfunnsjikt med høg kulturell kapital og gode språkkunnskapar hadde tilgang på informasjon om homoseksualitet, og eit tidleg døme på ein person i Noreg som nyttegjorde seg av denne kunnskapen og identifiserte seg som homoseksuell, var professor Ebbe Hertzberg.

Han mista stillinga si som professor, sjølv etter han med psykiatrisk attest frå ein tysk autoritet hadde prøvd å reinvaske seg sjølv. Han argumenterte for at han ikkje sjølv var skuldig i det han kalla ei arveleg, ibuande «støbning».

Hertzberg brakte slik tanken om homoseksualitet medfødd til Noreg. Dette var i tråd med synet innan sexologien, men Hertzberg delte ikkje oppfatninga om at homoseksualiteten dermed var å sjå på som ein sjukdom: Det homoseksuelle måtte ha av nervøse problem var ikkje eit resultat av den avvikande seksualiteten, men av omverda sine reaksjonar – med Hertzberg sine ord av at «hans anormale situation er i særlig grad nervesvækkende.»
Fødd sånn-tanken – eller essensialismen – var opphav til det vi i dag gjerne refererer til som identitetspolitikk.

I Noreg fekk denne sitt organiserte uttrykk med skipinga av DNF-48 i 1950, men var altså forsøkt aktivisert av Ebbe Hertzberg allereie i 1886.

Eit anna tidleg døme på ein slik argumentasjonsform finn me i ein mykje lesen artikkel av dei sosialistiske legane Torgeir Kasa og Karl Evang frå 1932. Rundt 1950 møtte denne oppfatninga framleis mykje motstand, men i nyare tid har essensialismen etter kvart fått stort gjennomslag.

Sex og kjærleik mellom kvinner, går det an?

Fram til 1889 forbaud lova «omgjengelse mot naturen». Det var semje om at ei fullbyrding av dette måtte innebera penetrasjon (analsex i tilfelle av sex mellom menn). Spørsmålet var då om kvinner kunne dømast etter «analogi», noko som i ein høgsterettsdom frå 1853 blei avgjort ikkje var tilfellet. Då ordlyden blei endra i 1889 til «legemlig omgjængelse» mellom menn, var det dermed berre ei kodifisering av eksisterande praksis.

I motsetning til innan lovverket såg den nye medisinske kunnskapen på homoseksualitet som eit fenomen som var i prinsippet det same om det gjaldt kvinner eller menn. I tråd med dette stilte stortingsrepresentant og lege Gunnar Graarud i 1902 spørsmål om korfor ikkje sex mellom kvinner også skulle gjerast forbode i den nye straffelovas § 213.

Etter hans «naturhistoriske» forståing var nemleg homoseksualitet like utbreidd blant kvinner som blant menn. Justisminister Ole Anton Qvam svarte: «Legemlig omgjængelse, kjønslig omgjængelse mellem to kvinder – har man hørt noget saadant? Det hører til de umulige ting.» Graaruds forslag om at lova skulle gjelda begge kjønn fekk ikkje fleirtal, men 17 av stortingsrepresentantane var samde med han.

Den nye kunnskapen om sex mellom personar av same kjønn skulle etter kvart nå større delar av samfunnet. Omgrepet «homoseksualitet» byrja å få ei viss utbreiing i media i løpet av dei første tiåra av 1900-talet: i tidsrommet 1906–1909 blei det brukt i tilknyting til utanlandske og innanlandske skandaleprosessar, mellom anna den såkalla «homoskandalen» i Bergen i 1909, og i åra som følgde blei det og eit tema i skjønnlitteraturen.

Slik blei den homoseksuelle mannen ein kjend sosial figur, og nære og tette venskap mellom menn kunne bli stilt spørsmål ved. I den folkelege forståinga var «den homoseksuelle» lenge først og fremst oppfatta som ein mann.

Peppermøkultur

På slutten av 1800-talet hadde det vakse fram ein «peppermøkultur» av ugifte mellomklassekvinner som gjennom entre i yrkeslivet var økonomisk uavhengige. Mange av desse valde å dela sine liv og sine heimar med andre ugifte kvinner, og ein god del av desse relasjonane hadde eit romantisk tilsnitt.

Slike parforhold kunne lenge oppfattast som uskuldige og respektable av omverda, men frå 1930-talet kom i aukande grad kvinneleg seksualitet, inkludert homoseksualitet, i søkelyset. Slik mista peparmøyene noko av si uskuld, når kvinneleg seksualitet og kunnskapen om homoseksualitet for alvor breidde seg frå og med 1930-talet, mista peparmøyene noko av rommet dei hadde hatt for sine forhold.

Særleg på 1920- og 1930-talet byrja fleire kvinner i dei europeiske storbyane å definera seg eksplisitt som homoseksuelle eller lesbiske. I kor stor grad dette også gav seg utslag i Noreg før 1950, er uvisst, men kvinner som Pauline Hall, som budde i Berlin nokre år rundt 1930, kunne rapportera om korleis lesbiske blei portrettert i tysk teater.

Slumrande paragraf - sosiale konsekvensar

§ 213 blei ståande urørt fram til 1972, men han blei i praksis lite nytta. Det som blei det viktigaste spørsmålet var å hindra utbreiing av homoseksualitet, og særleg passa på at ungdommar i ei lett påverkeleg fase ikkje skulle bli «forført» til homoseksualitet av vaksne menn.

På 1920-talet var straffelova under revisjon, og eitt av forslaga var at den eksisterande § 213 blei erstatta av ein paragraf som eksplisitt forbaud seksuell omgang med personar av same kjønn under 21 år. Slik sett ville ein ha fått ein høgre seksuell lågalder for homo- enn heteroseksualitet, og det ville ha råka begge kjønn.

Departementet såg det derimot som uheldig å endra § 213, då dei oppfatta endringsforslaget som ei delvis legalisering, slik at forslaget fall. Men omtrent samtidig kom Riksadvokaten med eit skriv om at om den eine parten i ein relasjon mellom to menn var under 21 år, var det «almene hensyn» tilstades som tilsa at påtale var påkravd.

Med unntak av ei større skandale i Bergen frå 1938 der 34 menn blei dømt for brot på §213, heldt talet på saker seg på eit jamt lågt nivå. Det blei utover dette ikkje tatt større initiativ frå påtalemakta eller politiet for å systematisk handheva paragrafen, og ikkje ein gong menn som hadde sex med gutar under 21 år hadde særleg stor sjanse for å bli straffa. Slik sett kan ein seie at § 213 langt på veg var ein slumrande eller sovande paragraf.

Til samanlikning skjedde det ei aktiv og relativt omfattande straffeforfølging i land som Vest-Tyskland og England.

Haldningar i samfunnet

Samtidig var eksistensen av paragrafen med på å understreka negative haldningar til homoseksualitet i samfunnet, og han kunne til dømes brukast til å stilla spørsmål ved om verksemda til DNF-48 var lovleg. Dette bidrog til at organisasjonen i den første fasen måtte operera såpass forsiktig og diskret.

Dei sosiale konsekvensane for både menn og kvinner kan me ana i skjønnlitteraturen. I Alf Martin Jægers roman Odd Lyng frå 1924 går hovudpersonen og grublar og det er særleg eitt ord som gjer han engsteleg: «Sædelighesforbrydelse». Han målber her ein frykt mange levde under medan sex mellom menn framleis var forbode.

I romans form kan vi også møte ulike måtar å forhalde seg til det lesbiske på. I Borghild Kranes Følelsers forvirring frå 1937 går ein av hovudpersonane inn for å omfamna ein lesbisk identitet og stiller spørsmål ved samfunnets avgrensingar: ««Hvorfor skal ikke vi kunne inngå ekteskap og lage hjem for hverandre?» Romanen endar like fullt med at homoseksualiteten mellom kvinner får framstå som noko tragisk og umogleg.

Kjønn og seksualitet i endring

Den norske homo-organiseringa sprang ut av eit mannleg miljø med røter i hovudstadens homoseksuelle subkultur. Men allereie i brosjyren frå 1951 blei det poengtert at homofile var både kvinner og menn, og dei første kvinnene kom inn i styret i foreininga allereie på byrjinga av 1950-talet. Som vist blei kjærleik mellom personar av same kjønn eit tema også i skjønnlitteraturen fleire byrja å identifisera seg som homoseksuelle.

1950-talet produserte også større homoseksuelle skandalar i England, Sverige og Danmark. Desse blei også dekka av norske aviser, som slik bidrog til å oppretthalda samankoplinga mellom det skandaløse og homoseksualitet.

Ein blei stort sett spart for genuine norske skandalar, og DNF-48 såg oppretthaldinga av ein lite brukt § 213 som ein delvis siger mot forslag om innskrenking av organisasjonsfridom og ein høgre seksuell lågalder som var oppe på 1950-talet.

På bakgrunn av skandalisering av homoseksualitet lanserte DNF-48 i brosjyren omgrepet «homofili» for å fjerne homorørsla frå stigma knytt til seksualitet, og legge vekt på kjærleik og venskap mellom personar av same kjønn. I brosjyren nytta forbundet som vist også omgrepet det «tredje kjønn».

Frå transvestisme til kjønnsskifte

Tanken om homoseksuelle som ein del av ein mellomkategori mellom kjønna går tilbake til slutten av 1800-talet. Hirschfeld hadde i tillegg konstruert eit nytt omgrep: transvestisme. Personar som ikkje var tiltrekt seksuelt av same kjønn, men som gjennom klesdrakt og andre uttrykk likna det motsette kjønn.

Hirschfeld konstruerte også omgrepet transseksualitet, men omgrepet transvestisme blei oftast brukt om også personar som ønskte å gjera kroppslege, kirurgiske inngrep, utover på 1950-talet ofte kalla «genuin transvestisme», seinare transseksualisme.

Det siste byrja også å få merksemd i norske aviser frå 1950-talet av, då ofte omtalt som «kjønnsskifte». Dette var særleg knytt til mann-til-kvinne operasjonen av dansk-amerikanaren Christine Jørgensen som blei rekna som den første verkeleg vellykka kjønnsbekreftande operasjonen.

Dette førte til at også mange norske legar blei oppsøkt av personar som ønskte liknande operasjonar. I kjølvatnet av dette utførte Rikshospitalet og Aker sykehus i åra som følgde hormonbehandling og kjønnskorrigerande operasjonar på fleire personar.

Miljøet kring DNF-48 var til ein viss grad ein stad der kjønnsoverskridingar og leik med kjønnsroller kunne finna stad. Ikkje minst spelte såkalla «skrulling» ei rolle i dette og andre skeive miljø. Samtidig vaks det fram eiga organisering for trans – eller «transvestittar» som det ofte blei omtalt som i samtida - utover på 1950- og 1960-talet. I 1966 blei ein felles skandinavisk organisasjon, Full Personality Expression Northern Europe (FPE-NE) grunnlagd.

Den norske greina av organisasjonen blei i 2000 ein sjølvstendig organisasjon som i dag har namnet Forbundet for transpersoner i Norge (FTPN). FPEN var lenge ein organisasjon der det blei lagt vekt på at medlemene skulle vera heteroseksuelle, nokon assosiasjon med homoseksualitet blei det signalisert tydeleg at var uønska i dei ganske lukka miljøa kring FPE.

Sprekker i den konservative konsensus

Nye tankar både om kjønn og seksualitet hadde altså vakse fram frå midten av 1800-talet. Noreg var likevel framleis eit puritansk, homogent samfunn med ein dominerande statsreligion.

Det var lite rom for minoritetar om dei var seksuelle, religiøse eller etniske. Statskyrkja sto framleis sterkt, og uttalingar frå biskopar og prestar hadde stor vekt. Under debatten om § 213 på 1950-talet hadde dei norske bispane uttalt at homoseksualitet utgjorde «en fare av verdensdimensjoner» og opponert sterkt mot ei oppmjuking av paragrafen.

Det vaks etter kvart fram sterke motrøyster mot denne religiøse og moralske homogeniteten, ikkje minst når det gjaldt synet på kjønn og seksualitet. På 1950-talet slo rettssaka om Agnar Mykle sin roman Sangen om den røde rubin, med skildringar av heteroseksuelle forhold utanfor ekteskapet ned som ei bombe i det norske samfunnet.

På midten av 1960-talet, då langhåra unge menn byrja å utfordra autoritetar som skule og kyrkje og då kvinnerolla langsamt byrja å bli utvida med eit større register, ser me også at homoseksualitet i større grad blir eit tema i det offentlege ordskiftet.

Oppgjer med diskresjonslinja

Frå og med 1960-talet skulle den relativt forsiktige opptakten gå over i eit meir djuptgripande oppbrot med 1950-talets strenge kjernefamilieverdiar. I ein leiarartikkel i DNF-48 sitt medlemsblad Oss i mellom våren 1965, blei det peikt på mange positve trekk: to bøker med positivt syn på homofili var kome ut – den svenske legen Lars Ullerstams De seksuelle minoriteter og Finn Carlings De homofile.

Ullerstams bok hadde vore tema i Studentersamfunnet i Oslo, og no skulle eit radioprogram i to delar snart sendast på NRK. Redaktørane oppsummerte: ««Det er som om vi, som så lenge har levet i mørket, nå kan skimte en aldri så liten lystrime i det fjerne».

Møtet i Studentersamfunnet gjekk av stabelen i januar 1965, og her deltok ikkje berre psykologar og andre ekspertar, men òg ein homofil mann, Arne Heli. Han stilte rettnok ikkje opp under eige namn, men møtet var godt besøkt og alle kunne sjå og høyra kven det var.

Radioprogramma gjekk på lufta i juni. Her stilte Karen-Christine Friele og ein mannleg homofil opp. I følgje Friele sjølv ønskte ho å stilla under fullt namn, men blei rådd frå det av NRK.

DNF-48 spelte tidleg ei viktig sosial rolle, og byrja allereie på 1950-talet å arrangere festar i leigde lokale. Festane blei først haldne på Ormsund roklubb, seinare på Snarøya i Bærum, og diskresjonen var stor. Ein måtte vera tilrådd som medlem av eit anna medlem for å komma inn, og medlemene gjekk av på ulike haldeplassar for å unngå å vekka oppsikt eller trekka merksemd til lokalet.

Eit taktskifte på 60-talet

På andre halvdel av 1960-talet endra den rådande diskresjonslinja seg då tiltreande leiar Kim Friele erklærte krig mot § 213. Sidan forbod og stigma knytt til paragrafen hovudsakleg retta seg mot menn, var leiarvervet ikkje forbunde med nokon som helst straffetrugsel for Friele. Leiarposisjonen hennar frå 1966–1971 markerte eit hamskifte i organisasjonen med langt meir openheit. Friele kom også seinare til å sitja mange år som generalsekretær i formative år for homorørsla.

Forbundet gav i 1970 ut heftet §213 – Onde eller nødvendighet? som blei distribuert til alle stortingsrepresentantane. Igjen var det den essensialistisk baserte identitetspolitikken som låg til grunn: gjennom bruk av utanlandske ekspertar og rapportar søkte ein å bevisa at forføringsteorien ikkje heldt mål og at homofili dermed ikkje representerte nokon trugsel for samfunnet.

Kampen mot kriminalisering blei krona med siger i 1972 då Stortinget fjerna § 213 frå straffelova. Dette gav ytterlegare næring til taktskiftet som hadde byrja på midten av 60-talet. Diskresjonslinja frå 1950-talet var no i ferd med å bli skrota til fordel for ein langt meir offensiv strategi influert både av internasjonale trendar i homorørsla og av det generelle samfunnsoppbrotet og studentradikalismen som fann stad i kjølvatnet av 1968.

Eit konkret uttrykk for dette er at forbundet etter kvart kunne drive ope restaurant- og klubblokale, og opne kontorlokale. Homoseksualiteten som trugselbilete bleikna, og ein forsiktig homopolitikk basert på ein unnskyldande og essensialistisk identitetspolitikk kunne avløysast av meir radikale standpunkt og politisk program.

Friele var avgjerande i denne overgangen, men utover på 1970-talet skulle homorørsla få mange nye røyster, ikkje minst frå 68-ar-generasjonen. Dette førde også til skiping av nye grupper og organisasjonar og til ei opprivande splitting av Forbundet.

Frå seksuell revolusjon til samlivsintegrasjon?

Homorørsla førte på 1970-talet framleis rettigheitskamp i eit samfunn der gift samliv mellom mann og kvinne ikkje berre var norm og ideal, men også den einaste det blei lagt juridisk til rette for.

Ved resolusjon frå landsmøtet i 1973 gjekk derfor DNF-48 inn for å «[…] samarbeide for en sikring av andre samlivsformer enn det tradisjonelle ekteskapet.»

1970-talet var ein periode kor mange stilte spørsmål ved kjønn, seksualitet og samliv, og kom med nye tankar og idear om kva livet var og skulle innehalde. Dette er tydeleg i at perioden var prega av at den nye kvinne- og mannsrørsla. Homofile menn og lesbiske kvinner var ein del av dette, men deira posisjon i desse rørslene var tidvis vanskeleg.

I kvinnerørsla kunne for eksempel lesbiskheit skape konflikt. Det same gjaldt for homofile menn i mannsrørsla. Problemet låg i manglande forståing for homofile sine spesielle problem, og ikkje ubetydeleg diskriminering basert på legning. Trass i seksuell orientering mot eige kjønn som fellestrekk, var det også ulike kjønna problemforståingar i homorørsla.

Omvelting av familie- og samlivspolitikk

Gjennom homorørsla fann mange lesbiske kvinner og homofile menn fellesskap i eit politisk syn på homoseksualitet som «[…] et opprør mot den institusjonaliserte heterofili […].»

Heterofile blei framstilt som undertrykte og prega av rigide kjønnsroller og normative mønster. Medlemmane av homorørsla blei framstilt som opplyste, kapable til å leie fram mot eit opnare og mindre undertrykkande samfunn, og ekteskapet og den tradisjonelle kjernefamilien blei framstilt som undertrykkande og arkaisk.

I «homotidsskrifta» - papirmedium retta mot lesbiske og homofile - blei til dømes spørsmålet om tilgang til tradisjonelt ekteskap møtt med ord og vendingar som «karikatur,» «heterofile normer,» og «tilpassingshysteri.» Framfor å krevje rett til ekteskap for homofile og lesbiske, gjekk homorørsla inn for ei større omvelting av familie- og samlivspolitikk ved at fleire typar samliv og familieformer skulle anerkjennast.

Dei byrjande sprekkene i den konservative konsensus frå 1950-talet kan seiast å ha kulminert i 1970-talets radikale ideologiske tenking kring familie, samliv og seksualitet. Dette var kanskje spesielt tydelege hos lesbiske og homofile, kor mange nok hadde vanskar med å sjå at dei skulle kunne oppnå tilsvarande rettar som heterofile. Etter kvart gjorde likevel røyster som ønskja seg likestilling i form av rett til ekteskap og familie seg meir gjeldande i homorørsla.

1970-talet: den seksuelle revolusjonen

Utviklinga må sjåast i samband med utviklinga i – og påverknad frå – familiepolitikken. Eit spesielt utsyn på dette er å sjå på dette i norsk kontekst som «den seksuelle revolusjonen på norsk.» Omgrepet siktar på at den seksuelle revolusjonen er eit generelt vestleg fenomen, men fekk eit særeige uttrykk i den norske/skandinaviske velferdsstatlege konteksten.

Ein sentral bærebjelke for velferdsstaten i etterkrigstida har vore familiepolitikken med mandat i «samfunnets reproduksjon». Det betyr at ein viktig del av familiepolitikken er å skipe stabile oppvekstråmer kring neste generasjon.

Sjølv om ekteskapet framleis var ein solid sosial institusjon, byrja mange å leve i samliv utanfor dette – trass i at det ikkje fanst juridiske ordningar for det. Både dei som ikkje ville – og dei som ikkje kunne – nytte seg av ekteskapslova, sto utanfor «det norske seksuelle medborgarskap,» typisk forstått som «[…] de retter og plikter man kan få ved å leve i samliv.»

Som folk flest?

Staten byrja først å undersøke vilkåra for ugift samliv gjennom norsk offentleg utredning (NOU) 1980:50 «samliv utan vigsel.» I homotidsskrifta blei utredninga skarpt kritisert i høvesvis Fritt Fram for berre å handle om «[…]kvinne og mann i ekteskapslignende forhold […], og i Løvetann for å oversjå at homofile «[…] stifter bo, får barn, skiller seg og til manges irritasjon (også homofile) lever som folk flest.»

Den radikale normkritikken var altså ikkje einerådande, men blanda seg med ønskje om å få like rettar og ramer kring sine samliv. Eit tidleg døme på ønskje om ekteskapsrettar, er at homotidsskrifta rapporterte om uoffisielle vigsler av kristne homofile par allereie frå 1979. 

Levekår, familierettar og hiv/aids

Spørsmålet om ekteskap var likevel ikkje berre eit kristent trusspørsmål, men også eit reint praktisk spørsmål med tanke på til dømes arv. Medlemmane av homorørsla som ønska seg ekteskaps- og familierettar måtte overtyde styresmaktene om at dei var verdige ektefellar og familieforeldre, men i første omgang skjedde dette utan at rørsla kravde tilgang til ekteskapet.

Lovene på samlivs og familiefeltet blei gradvis tilpassa og endra, heller enn radikalt omkalfatra. Ei av årsakene som «tvang» staten til å sjå nærare på levekåra til medlemmane av homorørsla, var sjukdomen hiv/aids. Det første registrerte dødsfallet grunna sjukdommen i Noreg skjedde i 1983, og homofile menn blei særleg hardt råka.

Sjukdomen førte også til debatt i homorørsla om livsstil og rettigheiter, då frigjort seksualitet som mange hadde prisa som frigjerande og godt, no var ein potensielt dødeleg praksis. Både i nasjonale medium og i homorørsla sjølv, blei promiskuøse delar av miljøet utsatt for kritikk. Poenget om at homofile var som alle andre, men mangla tilsvarande rammer sine samliv som heterofile, blei aktualisert.

Partnarskapslova

I 1993 innførte Noreg partnarskapslova som det andre landet i verda etter Danmark. Med dette blei Noreg eit av pionerlanda når det gjaldt rettar for homofile og lesbiske, og lova vart feira som ein stor likestillingssiger i homorørsla. Lova blei likevel sterkt kritisert, mellom anna av enkeltindivid, miljø og grupper i homorørsla som såg på partnarskap som eit forsøk på etterlikning av heterofile normer og samlivsmønstre.

Den viktigaste kritikken utover 1990-talet kom likevel frå dei homofile og lesbiske barnefamiliane, som blei oversett i partnarskapslova då den ikkje sa noko om barn i likekjønna familiekonstellasjonar. Dette blei dels lempa på då Noreg innførte stebarnsadopsjon i 2002.

Kjønnsnøytral ekteskapslov

Full likestilling mellom homofilt og heterofilt sam- og familieliv kom då Noreg som det sjette landet i verda som innførte kjønnsnøytral ekteskapslov, effektiv frå 1. januar 2009. Med innføring av denne lova fekk også homofile og lesbiske tilgang til ekteskap og adopsjon, og lesbiske kvinner fikk tilgang på assistert befruktning.

Utviklinga har gått mot større likestilling mellom kjønna, og større likestilling mellom ulike samlivsformer. Med ekteskapslovgjevinga si utvikling som døme har staten styrka sin kontroll over reproduksjonen og måten vi lever i samliv på ved å knyte rettar opp mot visse samlivsformer, dvs. sambuarskap (mellom to personar, uansett kjønn) av ei viss varigheit og samliv (mellom to personar, uansett kjønn) i ekteskap.

Forpliktande og langvarig samliv som desse er døme på, gir juridiske rettar og plikter og er altså ein del av det norske seksuelle medborgarskapet. Framfor radikal endring er lovverket tilpassa nye grupper og nye samlivsformer.

Synlegheit og mangfald

Dei ulike organisasjonane og gruppene som har kjempa fram lovendringar og større samfunnsmessig aksept blir oftast referert til som homorørsla. I dette ligg det at det har vore ein rettigheitskamp særleg retta mot homofile menn og lesbiske kvinner.

Rørsla har vore mannsdominert, noko som førde til oppretting av eigne kvinnegrupper og organisasjonen Lesbisk bevegelse på 1970-talet. Andre seksuelle identitetar enn homoseksualitet, som bifili, har vore omdiskutert og ikkje utan vidare blitt inkludert i den politiske kampen. Rørsla har også vore dominert av personar med majoritetsbakgrunn, og i seinare år har det blitt reist kritikk av manglande forståing for og usynleggjering av folk med minoritetsbakgrunn.

I 2004 blei Skeiv Verden oppretta, ein organisasjon som har spelt ei viktig politisk og sosial rolle og som har vore opptatt av å sjå ulike former for diskrminering, som rasisme og homofobi i samanheng (interseksjonalitet).

Som vist eksisterer det også eigne organisasjonar for transpersonar, noko som syner at ulike kjønns og seksualitetsuttrykk i varierande grad har følt seg «heime» i homobevegelsen. Namneskifta til den leiande organisasjonen syner ei aukande vilje til å adressere ulike grupper sine behov.

Fleire organisasjonar (mellom anna DNF-48) slo seg i 1992 saman til Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH). Denne organisasjonen heiter i dag FRI - foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald, ei endring som reflekterer ei dreiing frå ein «homopolitikk» i smal forstand til eit breiare kjønns- og seksualpolitisk program.

Oppsummering

«Den homoseksuelle» blei på slutten av 1800-talet introdusert som ein av fleire perverse utskott i samfunnet: homoseksualitet blei eit psykologisk-biologisk og sosialt problem som samfunnet måtte hanskast med.

Den homoseksuelle utfordra ekteskapet og familieordninga som samfunnet var bygd på, og spørsmålet var korleis ein kunne hindra eller i det minste avgrensa denne forma for seksualitet.

Først på 1950-talet melde den homoseksuelle seg sjølv på i ordskiftet i organisert form, basert på identitetspolitikk og iallfall delvis skilt frå andre «skeive» område som transtematikk. I første rekke gjaldt det å fjerna dei direkte forboda og diskriminering. Når denne fasen var over kunne rørsla gå i meir offensiv retning og kritisera dei institusjonane som hadde halde oppe den konservative konsensusen.

Den seksuelle revolusjonen kan i neste omgang seiast å ha gått over i ein meir integrerande fase der ein også søkte å få tilgang til og endra dei institusjonane ein i den opprørske fasen hadde kritisert.

Dei siste 50 åra har samfunnet sine forventingar til kjønnsuttrykk og seksualitet endra seg radikalt. Parallelt med ei respektabilisering - ved at likekjønna par inngår i institusjonaliserte parforhold og endåtil kan gifta seg i kyrkja - har også samfunnet sine haldningar til det som tidlegare var tabuiserte seksualitetar endra seg. Eit konkret døme på dette er at sjukdomsdiagnosen for BDSM er fjerna.

Grensene mellom kjønn er også blitt mjukna opp, og ein har gitt den einskilde «rett til kjønn», slik at individet i mykje større grad sjølv kan avgjere korleis det vil leve ut sin kjønnsidentitet. Der homorørsla tidsvis var spesifikt og nesten eksklusivt retta inn mot lesbiske og mannlege homofile sine problem – bifili var til dømes oppfatta som problematisk av mange i rørsla – er politikkområdet i dag utvida til eit meir omfattande kjønns-, seksualitetsfelt.

På forbausande kort tid har ein gått frå eit samfunn som strengt sanksjonerte likekjønna seksualitet og hadde strenge rammer for kjønnsrollene, til eit samfunn som i si sjølvforståing oppfattar seg som grunnleggande liberalt når det gjeld kjønn og seksualitet. Samfunnet har gått frå seksuell utstøyting til seksuelt medborgarskap når det gjeld mange former for kjønnsuttrykk og seksualitet.

Manglande forståing for skeiv historie kan lett gi næring til «homonasjonalistiske» oppfatningar der «vi» blir sett opp mot «dei andre» og gjer opne haldningar til seksualitet og kjønnsuttrykk feilaktig om til ein djuptliggande «vestleg» verdi. Historia viser at endringane først har skjedd i løpet av ein femtiårsperiode som resultat av ein kamp mot djuptliggande strukturar i eit samfunn grunnleggande prega av religiøs og sosial homogenitet og konformitet.

Norsk skeiv historie er ikkje eit stort forskingsfelt og den historia som her har vore rissa opp er såleis mest å sjå på som eit førebels skjelett som er basert på eit fåtal artiklar, hovudoppgåver og nokre doktoravhandlingar.

Det er mykje meir som kan gjerast på dette feltet om alt frå politiet si behandling av sex mellom menn til pressa si dekning i ulike periodar. Nokon bør sjå nærmare på fleire straffesaker frå 1800-talet og kva desse fortel oss om vilkåra for likekjønna seksualitet. Store delar av den norske homo- og transrørsla si historie ligg der uutforska.

Den første generasjonen aktivistar er i stor grad borte og 68-argenerasjonen er i ferd med å bli pensjonistar. Det hastar å få gjort meir med dette.

Skeivt arkiv ønskjer å stimulera til meir forsking og deler blant anna ut masterstipend til studentar som skriv om tema innan norsk skeiv historie. Historia viser at seksualitets- og kjønns- og samlivsfeltet er i stadig utvikling, og at nye kampar for anerkjenning vil kjempast og nye kjønnslege og seksuelle identitetar formast.

Publisert 22. juni 2017.
Oppdatert 30. juni 2017.