Idrett og andre fritidsaktivitetar kan opplevast som utfordrande for lhbt-personar. Korleis kan du bidra til å skape eit inkluderande miljø for alle?

Forsking viser at idretten er ein av dei siste kjønnsinndelte sosiale arenaene, noko som kan bidra til overdrive fokus på kjønn seksualitet og kropp (Eng, 2003; Larsson, 2003). I intervju med transpersonar går det samtidig fram at fritidsaktivitetar kan vere ein fristad. Spesielt i oppveksten kan ulike fritidsaktivitetar gje rom til å velje arenaer der kjønnsnormer ikkje står så sterkt (Van der Ros, 2012).

Her kan du lese meir om kva vi veit om korleis lhbt-personar opplever idretts- og organisasjonslivet.

Kva kan du som er involvert i idrett og organisasjonsliv gjere for å bidra til inkludering av lhbt-personar?

Tiltak mot homohets i idretten

Dersom du på førehand har tenkt gjennom kva slags førebyggjande tiltak du kan setje inn på klubb- og organisasjonsnivå, er det lettare å jobbe aktivt for å skape eit inkluderande miljø for alle uavhengig av kjønn og seksuell orientering.

Idrettsforbundet har utvikla god praksis på området idrett og inkludering av lhbt-personar, og har utvikla eigne retningslinjer på området.

Lhbt-tematikk har lenge vore usynleg i organisert idrett. Derfor er det desto viktigare å setje inn proaktive tiltak for å fremje inkludering. Idretten har også vore peika på av fleire som ein homofob arena. Det er ei kjensgjerning at få idrettsutøvarar som definerer seg som LHBT har stått fram.

Men dette er i endring, og stadig fleire idrettsutøvarar vel å vere opne både i Noreg og på verdsbasis. Det viser at auka merksemd og medvitne tiltak har ein positiv effekt.

Tips til idretts- og fritidsklubbar

Det er små og store grep idretts- eller fritidsklubbar kan gjere for å skape ein trygg atmosfære, slik at deltakarar tør å vere opne om den seksuelle orienteringa og/eller kjønnsidentiteten sin:

  • Leiarar i idrettslag og fritidsklubbar bør tydeleggjere ei openheit om at ikkje alle er heterofile. I idrettsforbundet skal leiarar eksplisitt seie til laget sitt at alle er hjarteleg velkomne på laget, uavhengig av om dei er «kvite eller svarte, homo eller hetero».
  • Leiarar og trenarar bør ta opp bruk av homorelaterte skjellsord når dei førekjem. Hos Idrettsforbundet er det nulltoleranse for dette, noko dei tek opp i trenar- og leiarutdanningar.
  • Bruk eit inkluderande språk og bilete av lhbt-personar i både intern og ekstern kommunikasjon.
  • Ver tydeleg på at homofobi og trakassering ikkje er akseptabelt og at det vil få konsekvensar, uavhengig om de har lhbt-personar blant spelarane eller medlemene dykkar eller ikkje. Ifølgje Idrettsforbundet sine retningslinjer skal leiarar og trenarar som høyrer ord som "homo", "homse", "lesbe", "sopar" eller liknande, ta tak i det med ein gong og spørje: "Kva meinte du med det?" Trenarar skal vere tydelege på at homo som skjellsord ikkje blir akseptert i klubbsamanheng, og gjere dette heilt uavhengig av om det er lhbt-personar på laget.
  • Ha ein plan for korleis de skal handtere at ein medlem går gjennom kjønnsstadfestande behandling, til dømes når det gjeld å tilby ei garderobeløysing.
  • Gjer Idrettsforbundet sine «sju skeive bod» og «Med idretten mot homohets» kjende i klubben din.
  • Skap medvit gjennom å synleggjere lhbt-tematikk og gjennom å auke kunnskapen blant trenarar og leiarar i klubben din.

Del dei gode tipsa!

Har du gjort noko bra i din organisasjon eller klubb som andre bør få vite om? Send oss ein e-post og fortel om det!

Vi er alltid interesserte i å høyre om gode døme!

Er organisasjonen din inkluderande?

Det kan vere vanskeleg å vite om organisasjonen din er inkluderande. Desse situasjonane kan hjelpe dykk med å reflektere rundt dette. Korleis vil reaksjonane i ditt idrettslag eller din organisasjon vere dersom:

  • Ein spelar på laget står fram som homofil.
  • Ord som «homo», «homse», «lesbe», «sopar» eller liknande blir brukte garderoben, på bana eller liknande.
  • Nokre spelarar vitsar i garderoben om at dei ikkje vil dusje samtidig med ein på laget, og seier det er fordi dei er redde dei skal bli lagde an på.
  • Ein ung spelar fortel deg at hen er usikker på den seksuelle orienteringa si og vil ha nokon å prate med.
  • Du merkar at laget fostrar ein kultur og ein sjargong der det berre er akseptert å vere heterofil.

Fleire organisasjonar kan med fordel ha mangfalds- og inkluderingsplanar. Kontakt LHBT-senteret om de vil ha hjelp til å utarbeide ein slik plan.

Kjelder

Eng, Heidi (2003) Sporting Sexuality. Om iscenesettelse av kjønn og seksualitet i idretten, Noregs idrettshøgskole, institutt for samfunnsfag.

Larsson, Håkan (2003) Idrottens genus. En forskningsgennomgang. Lärarhögskolan i Stockholm.

Van Der Ros, Janneke (2013): Alskens folk. Levekår, livssituasjon og livskvalitet til personer med kjønnsidentitetstematikk. Likestillingssenteret.