Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Fosterheimsveka i Nordfjordeid

Publisert

Fosterheimstenesta i Førde inviterer til minikonsert med artist Line Dybedal og foredrag av forfattar og influensar Ingeborg Sol Fure. Arrangementet er gratis og opent for alle.

Illustrasjon av tre fosterfamilier

Tid og stad

  • Onsdag 31. mai klokka 17:00 - 19:00.
  • Gamlebanken på Nordfjordeid, Eidsgata 10

Sofaprat, foredrag og song

Ingeborg Sol Fure vil i foredraget formidle ulike perspektiv på dei val ein tek basert på frykt, kjærleik og intensjon. Korleis ta gode val.

Foto: Helle Frogner

Artist Line Dybedal blir med og set ein ekstra spiss på arrangementet med sin nydelege song.

Foto: Helle Frogner

Du vil få moglegheit til å stille spørsmål til fosterforeldre og tidlegare fosterbarn. Dei vil prata om deira erfaring med å bu i fosterheim og opplevinga av å vere fosterheim. Bli med på sofaprat!

Arrangementet er gratis. Meld deg på så sørger vi for at du får kaffi og noko å bite i.

Tid og stad

  • Onsdag 31. mai klokka 17:00 - 19:00.
  • Gamlebanken på Nordfjordeid, Eidsgata 10

Om Fosterheimsveka

Dette arrangementet er ein del av Fosterheimsveka. Mellom 31. mai og 7. juni kan du møte fosterforeldre på ei rekke arrangementer rundt omkring i landet og stille dei spørsmåla som du måtte ha.

Sjå oversikt over arrangementa i landet