Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Barn i samlivsbrott

Korleis fortelje barna om brottet? Kva treng dei, og kva er dei vanlege reaksjonane? Her får de råd om kva dykk som foreldre kan gjer.

Korleis fortelje barnet om brottet?

Før dykk fortel barna om brottet, er det er viktig at de snakkar saman og tek stilling til kva de skal seie og korleis de vil gjennomføre samtalen.

Barn treng ei forklaring når dei merker at noko endrar seg i familien. Dei har behov for å vite kva som vil skje framover. Derfor er det ein fordel at så mykje som mogeleg av det praktiske er avklart.

Sjølve samtalen bør finne stad når familien har god tid.

Vanlegvis er det best at de fortel om brotet saman og at søsken er til stades samtidig.

Barn treng ei grunngiving for brotet. Bli einige om kva forklaring de vil gi, og prøve og halde de til den. Avtal gjerne på førehand kven som seier kva.

Ein del foreldre forklarer barna at mamma og pappa ikkje er kjærastar lenger. Andre forklaringar er at vi kranglar så mykje, at vi er for forskjellige og/eller at vi trur vi får det betre om vi bur kvar for oss.

Sjølv om de kanskje ikkje er einige om brottet, er det viktig at de ikkje involverer barna i konflikten ved for eksempel å snakke negativt om eller skylde på kvarandre.

Barn toler at foreldre viser kjensler, men det er viktig at det er de som foreldre som tek ansvar for å handtere situasjonen.

Det skapar tryggleik for barn å få vite så mykje som mogeleg om kva som vil skje framover, for eksempel kor de skal bu eller kven som skal ha eventuelle kjæledyr. Samtidig er det viktig at de er lydhøyre for tilbakemeldingar frå barna før dykk tek avgjerder om saker som angår dei.

Vêr førebudd på at de kan få spørsmål dykk ikkje kan svare på eller er einige om. Det er heilt greitt å seie at de ikkje kan svare akkurat nå.

Det er lurt å informere skolen, barnehagen og eventuelt andre som barnet har mykje kontakt med. Fortel barnet kven de har gitt informasjon til.

Kva treng barn etter brott?

Det finst ingen fasit på kva som er best for barn når foreldra går frå kvarandre. Men barn har nokre grunnleggande behov dykk som foreldre bør ta omsyn til.

Dei fleste barn har behov for forutsigbarheit, og dette kan vere utfordrande når barnet må ha to heim. Dei treng å vite kven dei skal vere hos, i kvardagen og i feriar. Eit viktig formål med foreldresamarbeidsavtalen er å bli einige om ordningar som skapar klare og trygge rammar for barnet dykkar.

Det kan vere krevjande for barn å stadig flytte mellom to heim. På den eine sidan treng barnet så få skiftar som mogeleg. På den andre sida treng dei hyppig og jamleg kontakt med dykk begge. Små barn treng vanlegvis hyppigare kontakt med begge foreldra enn det ungdom gjer.

Det kan vere krevjande å finne ein god balanse mellom behovet for jamleg kontakt og det å flytte så lite som mogeleg, særleg for dei minste barna. Dette er noko de kan diskutere med mekleren i meklingstimen.

Barn har rett, men ikkje plikt, til å seie meininga si om situasjonen dei er i og til å bli høyrt av foreldra sine. Det er viktig at de tek omsyn til interessene og behova til barna.

Dess eldre barna er, dess større innverknad skal dei ha på eig liv.

Det er viktig for barn at foreldrane veit kva som skjer i livet deira uavhengig av kven av foreldra dei er saman med. Dette gjeld både det som skjer i barnehagen, på skulen eller i fritida, og det som skjer heime hos den andre forelderen.

Noko vil barnet fortelje om på eige initiativ, men barnet skal ikkje måtte ta ansvaret for å vere budbringer mellom foreldra sine. Det er dykk foreldre som må ta ansvar for å informere kvarandre.

Barneombodet har prata med barn som har opplevt samlivsbrott. Svara stemmer godt med erfaringane til terapeutane og meklerne på familievernkontora.

Her er dei barna sa til Barneombudet:

  • Ikkje bland meg inn i konfliktane dykkar
  • Fortel meg om brottet saman.
  • Ikkje bruk meg som bodberar.
  • Ikkje krangle i nærleiken av meg.
  • Ikkje fortel om kjenslene dykkar til meg.
  • Ikkje konkurrer om kven som er den beste forelderen.
  • Høyr på meg
  • De bestemmer til slutt, men eg vil seie kva eg meiner.
  • La mekleren snakke med meg.
  • De kan vere ueinige, men hugs å spørje meg når det dreiar seg om meg.
  • Eg vil bli høyrd i spørsmål som gjeld ferien.
  • Spør meg om eg vil helse på den nye kjærasten.
  • Ver ven
  • Bu i nærleiken av kvarandre.
  • La meg behalde det gamle nærmiljøet mitt.
  • Si gjerne ifra til læraren, men ikkje til alle elevane.
  • Pass på at eg har nødvendig klede og utstyr i begge heimane mine.
  • Ha felles reglar i begge heimane.

Reaksjonane til barnet på samlivsbrott

Korleis eit barn reagerer på samlivsbrott vil variere, fordi korkje barn eller samlivsbrott er like. Somme reagerer med ein gong dei får vite om det, mens det for andre kan ta tid før reaksjonane kjem.

Mange barn kjenner på sorg, skyldkjensle og uvisse i samanheng med samlivsbrottet. Reaksjonar hos barn og ungdom kan komme til uttrykk på mange ulike måtar, for eksempel:

  • Vil vere for seg sjølv og/eller ikkje vere med på ting
  • Oppføre seg yngre enn det er og/eller vere klengjet
  • Vere ekstra pliktoppfyllande og sjølvstendig for å ikkje vere til bry
  • Lei seg og græt lettare
  • Humørsvingninger
  • Meir ukonsentrert eller uroleg
  • Fysiske reaksjonar, for eksempel endra appetitt, søvnproblem eller vondt i magga

I kva grad og korleis barnet reagerer vil avhenge av fleire ting enn sjølve brottet mellom dykk foreldre. Samlivsbrottet til foreldra skjer ikkje i eit vakuum, og det vil derfor til kvar tid vere fleire ting som påverkar korleis barn både har det og «tek det».

Det er heilt normalt at kjenslene svingar, og at barn går inn og ut av dei vanskelege kjenslene. Barn kan både trekke seg tilbake og ha humørsvingninger utan at det har med samlivsbrottet til foreldra å gjere.

Det kan vere krevjande for foreldra å ta inn over seg reaksjonane til barnet, fordi det vekker dårleg samvett eller at de har nok med dykkar eigne reaksjonar.

Det viktigaste for barnet er at de som foreldre aksepterer og prøver å forstå dei ulike reaksjonane til barnet og gir det tid, samtidig som de opprettheld viktige rutinar og reglar for barnet.

Barn vil ikkje nødvendigvis snakke om det som er vanskeleg på initiativet til dei voksane. Dei treng først og fremst at dei vaksne er tilgjengelege når dei sjølv begynner å prate.

Det beste de kan gjere er å sørge for godt samarbeid og fråvær av alvorlege, langvarige konfliktar. Brott mellom foreldre er vanskeleg for barn. Det er måten foreldra handterer brottet og tida etterpå som er viktigst for korleis barnet får det på sikt.

Kan barnet bestemme?

Barn har rett til å seie meininga si, men det er de som foreldre som må bestemme.

  • Barn har rett til å seie meninga si frå dei er sju år. Retten gjeld også yngre barn som er i stand til å danne seg sine eigne meiningar om ei sak.
  • Frå barnet er tolv år har foreldra plikt til å leggje stor vekt på det barnet meiner og ønsker, men barnet skal ikkje bestemme sjølv.

Hugs at sjølv om barn har rett til å seie meninga si, har dei ikkje plikt til å uttale seg.

Det er de som foreldre som har ansvaret for å ta avgjerdene, men de har plikt til å leggje vekt på barnet sine ønske og meiningar i tråd med alderen til barnet og kor moden han/ho er.

  • barneloven § 31 – om barna sin rett til å vere med på avgjerder
  • barnekonvensjonen artikkel 12 – om barna sin rett til å gi uttrykk for meininga si
  • Grunnlovens § 104 – om barna sin rett til å bli høyrde

Forståinga, behova og ønska til barnet kan være annleis enn det de som foreldre trur. Derfor er det viktig at barnet får anledning til å seie meninga si før de lagar eller endrar ein foreldresamarbeidsavtale.

Det er viktig å informere barnet om resultatet av det han/ho har uttalt seg om. Dersom resultatet ikkje har blitt slik barnet ønskte seg, bør han/ho få ei forklaring på kvifor.

Gode råd på foreldrehverdag.no