Din viktigaste jobb i ungdomsrådet er å delta på rådsmøta for å seie meininga di. Du skal vere med å bestemme kva ungdomsråd skal meine i dei ulike sakene.
Kommuneloven bestemmer at ungdomsråd skal behandle saker og gjere vedtak i møte. Dette betyr at rådet ikkje kan behandle saker ved at leiaren ringar rundt til resten av medlemmene og høyrer om kva dei meiner. Rådet kan heller ikkje behandle saker ved å sende meldingar eller chatte saman.
Føremålet med eit rådsmøte er oftast å
- bestemme kva ungdomsrådet meiner om ei sak som kommunen ønsker innspel på
- bestemme kva ungdomsrådet meiner om ei sak som dykk sjølv ønsker å jobbe med
- finne gode idéar og gode løysingar
- oppdatere kvarandre på kva som skjer
- lage felles planar for arbeidet framover
- møtest og bli betre kjend
Det er leiaren for rådet som setter opp saksliste for kvart enkelt møte. Ifølgje kommuneloven skal innkalling til møtt sendast til medlemmene med rimeleg varsel. Det betyr at innkallinga skal sendast så tidleg at du har moglegheit til å møte på dette tidspunktet, eller at varamedlemmene blir varsla tidsnok til å møte. Medlemmene må bli varsla om møtetidspunktet så tidleg at dei får tid til å sette seg inn i sakene før møtet.
Kven er på møta i ungdomsråd?
Kommunestyret avgjer kor mange medlemmer ungdomsråd skal ha. For at ungdomsrådet skal kunne treffe eit vedtak, må minst halvparten av medlemmene ha vore til stades på møtt og røysta i den aktuelle saka.
Har du ikkje moglegheit til å vere på eitt av møta, må du melde frå i god tid til koordinatoren/sekretæren for ungdomsråd, slik at ein vararepresentant kan innkallast til å møte istadenfor deg. Vara betyr å vere i staden for ein annan når han/ho får forfall.
Kor ofte bør vi ha møte?
Du kan forvente å ha opptil ti møte i året. Det er lurt å ha møte så ofte at det ikkje blir for mykje dykk skal gjere på kvart møte, men ikkje så ofte at de har møte berre for å ha møte. Det er viktig at det ikkje går for lang tid mellom kvart møte, slik dykk ikkje gløymer kva de har gjort og bestemt tidlegare.
Rådet skal ha møte dersom enten rådet sjølv, kommunestyret eller fylkestinget vedtek det. Rådet skal også ha møte dersom leiaren av rådet meiner at det er nødvendig eller dersom minst ein tredel av medlemmene i rådet krev at rådet skal ha møtt, står det i kommunelova.
Rådet kan velje å sette opp ein møteplan for året, slik at tidspunktet for møtet er kjent i god tid i førevegen.
Møta er til for å diskutere sakene og bestemme seg for noko, ikkje gjere arbeidsoppgåver. Arbeidsoppgåver blir gjorde mellom møta, og det er viktig at du faktisk gjer det du har sagt ja til å gjere.