Rolla til koordinatoren er meir enn å skrive sakspapir og referat frå møta. Koordinator skal vere ein rettleiar og hjelpande hand for alle rådsmedlemmene. Kor mykje hjelp rådet treng frå koordinatoren, må vurderast konkret i kvar kommune. Det kan vere forskjellar mellom store kommunar, kor rådet mottek ei stor mengd saker, og mindre kommunar kor det ikkje er like mange saker.
Avklare forventingar
For at samspelet mellom koordinatoren og ungdomsrådet skal fungere bra, er det viktig med forventingsavklaring og forventingsstyring. Så tidleg som mogeleg i kvart arbeidsår er det ein god idé at rådsmedlemmene og koordinatoren møtest for å fortelje kva dei forventar av seg sjølv, kva dei forventar av andre, og kva forventingar dei trur dei andre har. Da kan alle ta omsyn til dette, og unngå konfliktar og utfordringar. Det kan vere lurt å repetere denne øvinga også midt i arbeidsåret, for å minne om dei forventingane ein har til kvarandre. Dette må også gjerast ved supplering av rådsmedlemmer.
Saksopplysingar og vanskelege ord
Di hovudoppgåve under rådsmøta er å skrive referat og hjelpe leiar eller nestleiar i møteleiinga. Det er viktig at koordinatoren gir informasjon og klargjer ting som medlemmene er usikre på. Ofte kan det vere lurt å gi saksopplysingar og klargjere vanskelege ord/uttrykk, sjølv om ingen av medlemmene har spurt om dette. Det kan vere noko eitt eller fleire medlemmer ikkje forstår, men som dei ikkje tør å stille spørsmål om. Koordinator bør også stille seg disponibel for spørsmål i framkant, slik at medlemmer kan få oppklaringar når dei førebur seg til møtet.
Vere nøytral
Koordinator skal ikkje legge avgrensingar på engasjementet til rådsmedlemmene i debattar og vedtak. Det er viktig at politiske meiningar frå kommunestyret og dei personlege meiningane til koordinatoren ikkje blir førande på kva ungdomsråd meiner. Koordinator skal vere ein nøytral part, og må alltid vere kritisk til sin eigen habilitet.
Koordinatoren skal sørge for at ungdomsrådet jobbar ut ifra reglane i kommuneloven, forskrifta om medverknad og reglementet dei har fått frå kommunestyret.