Skaff oversikt og følgje med på politiske prosessar i kommunen
Som koordinator er ein av dei viktigaste oppgåvene dine å følge med på det som rører seg i kommunen. Forskrift om medverknadsordningar seier at det skal etablerast rutinar "som sikrar at rådene mottek sakene på eit så tidleg tidspunkt i saksbehandlinga at fråsegnene frå rådene har moglegheit til å påverke utfallet av saka." Ved å innføre gode rutinar for å følge med på aktuelle saker, kan du fungere som ei "vaktbikkje", og sørge for at alle relevante saker kjem innom ungdomsråd så tidleg som mogeleg.
Ver ein pådrivar for ungdomsmedverknad i kommunen
- Skap ein kultur der kommunen sørger for at ungdomsråd får sakene dei skal ha
- Meld frå dersom ei sak som angår ungdomsrådet, ikkje har vore innom rådet
- Gjer det lett for politikarar og administrasjon å snakke i og med ungdomsrådet
- Koordinatoren kan fungerer ein levande påminning" om ungdomsråd over kollegaer i kommunen
- Fråsegnene til ungdomsrådet i aktuelle saker fører til at rådet blir meir synleg og kan føre til at kommunen hugsar på rådet neste gong ei sak skal på høyring
- Søk om støtte frå Erasmus+, Aktiv Ungdom til å organisere eit ungdomspolitisk møte kor ungdom kan komme i dialog med beslutningstakarar.
Sørg for god kommunikasjon mellom ungdomsrådsmøta
Legg til rette for at ungdommane har arenaer for samarbeid og kontakt mellom møta. Det kan vere så enkelt som å opprette ein gruppesamtale på Messenger (ein føresetnad her er at alle er på sosiale medium), eller ein e-post-tråd der ungdommane f.eks. kan stille spørsmål til saker det jobbast med. Rådet skal behandle saker i møter, kontakt mellom rådsmedlemmene utanom møta kan dermed ikkje vere behandling og vedtak av saker for rådet.
Sørg også for at ungdommane, spesielt leier og nestleiar, er involvert i arbeidet med sakspapir. Dess betre kjennskap dei har til sakene frå før, dess meir sjølvstendige er dei på møta.
Hugs å jamleg ta ei forventingsavklaring med ungdommane der de kan diskuterer kva de ønsker og forventar av kvarandre (og av dykk sjølv). Dette kan f.eks. inngå som ei fast avslutning av kvart møte.