Som rådgivande organ, vil rådet hovudsakleg jobbe med saker på eit overordna nivå, for eksempel budsjett og kommuneplanar.

Rådet skal jobbe med eit breitt utval av saker som er knytt til FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne, CRPD.

Det vil vere mange saker i ein kommune/fylkeskommune som angår personar med funksjonsnedsetting. Spesielt vil det gjelde saker om likestilling, likeverdig tilgang til kommunale tenester og saker om universell utforming/tilgjenge.

Rådet kan for eksempel jobbe med saker som er knytt til retten til eit sjølvstendig liv på område som

Eksempel på saker

Likestilling innan skole og utdanning
Helse- og omsorgstenester
Medverknad i plan- og byggesaker
Universell utforming i transport