Organisasjonar for personar med funksjonsnedsettingar har rett til å fremje forslag til kandidatar til rådet. Kommunestyret og fylkestinget bestemmer kven som skal sitte i rådet, og kor mange medlemmer og varamedlemmer det skal ha.

Forskrifta bestemmer ikkje ei detaljert samansetting av råda, men kommunar og fylkeskommunar må sørge for at råda er breitt samansette og representative for innbyggarar med funksjonsnedsettingar. 

Valperioden for rådet for personar med funksjonsnedsettingar er inntil fire år.