Råda skal ha tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for dei administrative funksjonane, som sekretariatet til rådet. Det kan vere gunstig å plassere sekretariatet ved rådmannskontoret, men dette er det opp til den enkelte kommunen eller fylkeskommunen å avgjere.