Rådsmedlemmene bør få informasjon og opplæring som gjer at rådet kan løyse oppgåvene på ein god måte og bli ein aktivt og relevant medspelar for kommunen og fylkeskommunen. Rådsmedlemmene kan for eksempel få tilbod om delta i folkevalgtprogrammet til KS.

Bufdirs kartlegging av råd i 2016 viste at én av fire kommunar har gitt tilbod om folkevaldopplæring til alle medlemmer i rådet.

Folkevaldopplæringa gir blant anna innblikk i det politiske oppdraget, samansettinga av kommunale og fylkeskommunale organ, forholdet mellom folkevalde og administrasjonen og kommunale og fylkeskommunale styringsinstrument.