Organisasjonar for menneske med funksjonsnedsetting har rett til å fremje forslag til kandidatar som representerer interessene deira. På landbasis er det meir enn hundre organisasjonar. Det er tre paraplyorganisasjonar:

Organisasjonsforholda lokalt bør avgjere om det er paraplyorganisasjonane eller enkeltorganisasjonar som speler inn forslag til kandidatar. Dersom organisasjonane har få eller ikkje noko lokale lag, kan kommunen/fylkeskommunen ta kontakt med paraplyorganisasjonar på fylkesnivå for å få forslag til personar som kan veljast til rådet.

Organisasjonane som har rett til å foreslå medlemmer, bør vere merksame på bredda i rådet når dei foreslår medlemmer.