Kommunen/fylkeskommunen gir informasjon til organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetting om at dei har rett til å foreslå medlemmer til rådet. Dette bør skje i god tid før valet, slik at organisasjonane får tid til å foreslå aktuelle kandidatar til råda.

I informasjonen til organisasjonane kan kommunen eller fylkeskommunen oppmode organisasjonane til å foreslå personar med ulik bakgrunn, for å sikre bredda i rådet. 

Sjølv om det er mogeleg å utvide perioden til det gjeldande rådet fram til årsskiftet, er det ein fordel at det nye rådet blir så valt tidleg på hausten som mogeleg. Det gir kommunen/fylkeskommunen moglegheit til å gi rådsmedlemmene tilbod om å delta på folkevalgtopplæringen til KS, som ofte er kort tid etter kommunevalet .