Då sosiale møteplassar og fritidstilbod for ungdom stengde ned, vart sårbar ungdom hardast råka. Men mange ungdomsarbeidarar har tenkt ut nye måtar å møte ungdom på der dei er, syner ein ny rapport. 

Bufdir er med i det internasjonale nettverket «Research-based Analysis of Youth in Action» (RAY), som mellom anna evaluerer effekten av Erasmus+: Aktiv Ungdom-programmet. Rapporten som no er ute, er skrive av NOVA på vegner av Bufdir og er basert på kvalitative intervju med ungdomsarbeidarar og forskarar.

Han er ein del av forskinga innanfor RAY-nettverket, og formålet var å gje eit overblikk over forsking og tiltak som vert gjennomført på det norske ungdomsfeltet som respons på pandemien, og å gjere case-studiar av tiltak innanfor ungdomsarbeid som har fungert godt.

Til rapporten

Flere ungdomshus og klubbhus måtte stenge
Mange eksisterande formar for ungdomsarbeid vart sterkt påverka, og fleire ungdomshus og klubbar måtte stenge ned då pandemien slo over oss.

Ungdomsarbeidarane som er intervjua i rapporten peiker særleg på dei negative konsekvensane nedstenginga har hatt på sårbare grupper av ungdom, som utgjorde hovuddelen av brukarane på ungdomshusa. Rapporten syner at den uregelmessige stenginga og opninga av ungdomshus gjorde det vanskeleg å drive godt ungdomsarbeid under pandemien.

– Statusrapportane om tenestene til sårbare barn og unge under pandemien synte at særs mange tilbod stengde ned eller vart mindre tilgjengelege i periodar. Dette påverka ungdom si fritid i stor grad, og vi veit at sårbare barn og unge vart spesielt hardt ramma av å miste tilgang til ulike fritidsaktivitetar,seier Wenche Mobråtens, som er divisjonsdirektør for kunnskapsdivisjonen i Bufdir.

Rapporten trekkjer fram konkrete døme på korleis ulike tilbod tilpassa seg nedstenginga og kan vere ei inspirasjonskjelde for andre som jobbar med ulike formar for ungdomsarbeid.

Viktig kunnskapsgrunnlag om ungdomskultur
Samstundes syner rapporten at fleire har utvikla nye former for ungdomsarbeid, særleg har mange satsa digitalt, og han peiker òg på kor viktig det er at ungdomsarbeid tar med seg populærkultur og brukar kulturformer som gaming for å arbeide med unge.

Fleire av informantane peikte på at gaming utgjer ein stor del av ungdomslivet for mange, og at ein må kjempe mot fordommar knytt til gaming blant vaksne og foreldre. Gaming kan vere ei viktig kjelde til sosial tilhøyrsle, meistringskjensle og læring via digitale plattformer.

– Det å vere ung i dag er ikkje det same som for berre ti år sidan, og vi i Bufdir treng å fortsetje å skaffe god kunnskap om ungdom sine digitale liv. Gaming er ein av dei vanlegaste fritidsaktivitetane for ungdom og ein arena som kan vere ein god inngangsport til kontakt med ungdom, ikkje minst i periodar der det ikkje er mogleg å ha fysisk kontakt med dei, seier Mobråten.

Musikk er viktig ressurs
Fleire informantar fortel også at musikk kan vere effektivt i ungdomsarbeid, og at det er viktig å utvikle musikktilbod og arenaar for musikalsk og kulturell deltaking som er tilgjengelege for alle.

Rapporten problematiserer at ei rekke velferdstilbod og tenester, inkludert kulturskulen, verkar som dei er skreddarsydd middelklassen og kvite etnisk norske som kjenner systemet allereie. Forskarane peiker på at det er viktig å utvikle slike tilbod til resten av befolkninga også, med særleg fokus på sårbar ungdom.

Nyare forsking har vist at musikk er ein viktig læringsressurs, helseressurs og sosial ressurs som kan gi utsette ungdommar ei kjensle av meistring, identitet og sosial tilhøyrsle som bør bli utforska meir systematisk.

Meir systematisk forsking, meir om gaming
I rapporten tilrår forskarane meir systematisk forsking på korleis ulike grupper av ungdom har vorte påverka, og å skaffe kunnskap om kven som bruker dei ulike ungdomshusa og korleis pandemien ramma sårbar ungdom spesielt.

Vidare foreslår dei framtidige studiar som undersøker dei mange ulike effektane av gaming blant ungdom, og som ser på gaming både som ein ressurs og ein hemsko, avhengig av kontekst.

– Ungdomsarbeidarar møter ofte sårbar ungdom på uformelle arenaar der dei kan ha ein annan type kontakt enn det ein kan i institusjonar som skule eller helsetenester. Det er derfor viktig at vi har oversikt over status for ungdomsarbeid i Norge, og denne rapporten er ei av kjeldene vi vil bygge vidare på når vi arbeider med kunnskapsgrunnlaget for tiltak om ungdom si fritid framover, seier Mobråten.

 

Trenger du mer informasjon om rapporten?

Ta kontakt med Sigrid Sivertsen Haugan, rådgiver i tilskuddsavdelingen, på e-post sigridsivertsen.haugan@bufdir.no.