Bufdir tilrår foreldrestøttande kurs, betre helseoppfølging og meir hjelp frå styresmaktene til utanlandsadopterte og adoptivforeldra deira. Tilrådingane er sendt over til Barne- og familiedepartementet (BFD)

– Det er mange som opplever at dei ikkje får nok hjelp i dag. Behova deira er samansette og strekkjer seg over fleire periodar i livet. Bufdir tilrår difor at det vert etablert fleire ulike tiltak på ulike plan, seier Kristin Ugstad Steinrem, avdelingsdirektør i Bufdir.

Bufdir har på oppdrag frå BFD greia ut om korleis adopterte og familiane deira bør følgjast opp etter ein adopsjon, og dei foreslår no ei tiltakspakke for å styrke oppfølginga av adopterte. Heile utgreiinga kan du lese her

Folkehelseinstituttet (FHI) leverte i fjor sommar rapporten «Bedre føre var OG etter snar», som indikerer at ikkje alle utanlandsadopterte får den hjelpa dei treng. Dei vanlegaste problema hos adoptivborna er ifølgje rapporten åtferdsproblem, psykiske vanskar, lese- og skrivevanskar, sosiale vanskar og tilknytingsforstyrringar. I haust lanserte òg OsloMet ein rapport om utanlandsadopterte og rasisme. Desse rapportane, som båe er finansierte av Bufdir, er med i det breie kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for vurderingane Bufdir har gjort.

– Tiltaka skal vere eit supplement til dei ordinære helse- og velferdstenestene. Somme av tiltaka som vert føreslått, vil gjere at det eksisterande tilbodet blir justert, seier Steinrem. 

Utgreiinga frå Bufdir omfattar behovet for etteradopsjonstiltak retta mot utanlandsadopterte og nasjonalt spedbarnsadopterte. Båe desse er adopsjonar der adoptivforeldra som oftast ikkje kjenner barnet frå før. Behovet for hjelp og støtte vil likevel vere størst hos utanlandsadopterte og familiane deira. Ei rekkje tiltak vert difor fremma i ei samla tiltakspakke.

– Føremålet med alle desse tiltaka er å styrke oppfølginga av dei som er adopterte. Me foreslår at det vert gjort på ulike vis – gjennom tiltak retta mot adopterte sjølve, både som barn og vaksne, og gjennom tiltak retta mot adoptivforeldre og støttetenester eller fagpersonar som er i kontakt med adoptivborn og familiane deira, seier Steinrem.