Sjølv om kvinner fekk stemmerett i 1913 var ikkje valdeltakinga lik blant kvinner og menn før i 1985. Ved Stortingsvalet i 2017 var det litt høgare valdeltaking blant kvinner enn blant menn. Høgast valdeltaking er det blant kvinner og menn med høgare utdanning. Lågast valdeltaking har unge menn og eldre kvinner.

Hovudpunkter

Det er i dag høgare valdeltaking blant kvinner enn blant menn

Unge menn og eldre kvinner har lågast valdeltaking

Blant kvinner og menn med universitets- og høgskoleutdanning er det tilnærma lik valdeltaking på 90 %

Valdeltaking ved stortingsval

Valdeltaking sidan 1969

Valdeltakinga til menn og kvinner i stortingsvalet, 1969-2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valundersøkingen, tabell 11581

Valdeltakinga til menn og kvinner i stortingsvalet. Prosent. 1969-2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valundersøkingen, tabell 11581

Statistikken omfattar eit utval av den norske befolkninga under 80 år med stemmerett, og deira meiningar og haldningar til ei rekke politiske variablar.

Les meir på SSBs nettsidar.

Høgast valdeltaking blant kvinner

Kvinner fikk allmenn stemmerett ved stortingsval i 1913. Det er i dag høgare valdeltaking blant kvinner enn blant menn. Sidan midten av 1950-åra har forskjellen i valdeltakinga blant kvinner og menn vore under 5 prosentpoeng (Kleven, 2017). Ved stortingsvalet i 2017 var forskjellen på 3 prosentpoeng. 

Valdeltaking etter alder

Valdeltaking etter kjønn og alder, 2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valdeltaking, tabell 11581

Valdeltaking etter kjønn og alder. 1969-2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valdeltaking, tabell 11581

Statistikken er basert på ei totaltelling av røystane fra 255 kommunar, og eit representativt utval fra dei øvrige 170 kommunane.

Les meir om statistikken på SSBs nettsider.

Lågast valdeltaking blant unge menn og eldre kvinner

Lågast valdeltaking er det blant menn mellom 20-24 år (59 %) og kvinner som er 80 år eller eldre (64 %). Kjønnsskilnaden er størst i dei yngste og dei eldste aldersgruppane. Kvinner har mellom 10 og 11 prosentpoeng høgare valdeltaking i aldersgruppane 18-19 og 20-24 år. Menn som er 80 år og eldre har 13 prosentpoeng høgare valdeltaking enn kvinner i samme alder. 

Valdeltaking og utdanningsnivå

Valdeltaking etter kjønn og utdanningsnivå, 2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valdeltaking, tabell 11693

Valdeltaking etter kjønn og utdanningsnivå. Prosent. 2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valdeltaking, tabell 11693

Statistikken er basert på ei totaltelling av røystane fra 255 kommunar, og eit representativt utval fra dei øvrige 170 kommunane.

Les meir om statistikken på SSBs nettsider.

Minst forskjell i valdeltaking mellom kvinner og menn med høgare utdanning

Blant kvinner og menn med universitets- og høgskoleutdanning er det tilnærma lik valdeltaking på om lag 90 %. Størst kjønnsskilnad er det mellom menn og kvinner med grunnskule som høgaste oppnådde utdanning. I denne gruppa har kvinner 5 prosent høgare valdeltaking enn menn. 

Valdeltaking etter innvandrarkategori

Stortingsvalet. Valdeltaking etter innvandringskategori, 2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valdeltaking, tabell 11693

Stortingsvalet. Valdeltaking etter innvandringskategori. Prosent. 2017

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valdeltaking, tabell 11693

Statistikken er basert på ei totaltelling av røystane fra 255 kommunar, og eit representativt utval fra dei øvrige 170 kommunane.

Les meir om statistikken på SSBs nettsider.

Innvandrarmenn har særleg låg valdeltaking

Innvandrarar har lågare valdeltaking enn norske statsborgarar utan innvandrarbakgrunn. Medan 80 % av dei utan innvandrarbakgrunn røysta ved stortingsvalet i 2017, røysta 55 % av innvandrarar og 57 % av norskfødde med innvandrarforeldre. 

Innvandrarkvinner og norskfødde kvinner med innvandrarforeldre hadde høgare valdeltaking enn menn frå desse gruppane. Særleg var kjønnsskilnaden stor mellom norskfødde med innvandrarforeldre. Innvandrermenn hadde 2 prosentpoeng lågare valdeltaking enn innvandrarkvinner, og norskfødde menn med innvandrarforeldre hadde 7 prosentpoeng lågare valdeltaking enn kvinner frå samme gruppa. 

Valdeltaking ved kommunestyre- og fylkestingsval

I 1901 fekk kvinner kommunal stemmerett i avgrensa omfang. I 1910 ble det innført allmenn stemmerett ved kommuneval, og kvinner kunne stemme på lik linje med menn. 

Kommunestyre- og fylkestingsvalet

Kommunestyre- og fylkestingsvalet. Valdeltaking, etter kjønn og alder, 2015

Kilde: SSB Kommunestyre- og fylkestingsvalet, tabell 11059

Kommunestyre- og fylkestingsvalet. Valdeltaking, etter kjønn og alder. Prosent. 2015

Kilde: SSB Kommunestyre- og fylkestingsvalet, tabell 11059

Statistikk over valdeltaking er basert på ei opptelling av alle røyster i 27 kommunar, og eit representativt utval frå dei andre kommunane. Førstegongsveljarar, innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og utanlandske statsborgarar er overrepresentert i utvalget for å kunne gjere analysar om valdeltakinga til desse gruppene.

Les meir om statistikken på SSBs nettsider.

Kvinner har høgast valdeltaking ved kommuneval

Kvinner hadde høgare valdeltaking enn menn ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015 i alle aldersgrupper, bortsett fra dei mellom 67-79 år og de som er 80 år og eldre. Blant kvinner var det høgast valdeltaking i aldersgruppene 45-66 og 67-79 år, kor høvesvis 70 % og 75 % av kvinner røysta. Blant menn er det også aldersgruppa 67-79 år som har høgast valdeltaking ved kommuneval (andel). 

Valdeltaking fordelt på fylke

Kommunestyre- og fylkestingsval. Valdeltaking etter fylke, 2015

Kilde: SSB Kommunestyre- og fylkestingsvalet, tabell 11059

Kommunestyre- og fylkestingsval. Valdeltaking etter fylke. Prosent. 2015

Kilde: SSB Kommunestyre- og fylkestingsvalet, tabell 11059

Statistikk over valdeltaking er basert på ei opptelling av alle røyster i 27 kommunar, og eit representativt utval frå dei andre kommunane. Førstegongsveljarar, innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og utanlandske statsborgarar er overrepresentert i utvalget for å kunne gjere analysar om valdeltakinga til desse gruppene.

Les meir om statistikken på SSBs nettsider.

I kun ett fylke har menn høgare valdeltaking enn kvinner

I Aust-Agder er valdeltaking mellom kvinner og menn tilnærma lik. Finnmark er einaste fylke der menn si valdeltaking er høgare enn kvinner, der 59 % av menn og 57 % av kvinner røysta. I resten av fylkene er det litt høgare valdeltaking blant kvinner. Størst er kjønnsforskjellen på valdeltaking i Østfold, kor 51 % av menn og 60 % av kvinner røysta ved førre kommune- og fylkestingsval i 2015.  

Valdeltaking etter innvandrerkategori

Kommunestyre- og fylkestingsval. Valdeltaking etter innvandringskategori, 2015

Kilde: SSB, Kommunestyre- og fylkestingsvalet, tabell 11059

Kommunestyre- og fylkestingsval. Valdeltaking etter innvandringskategori. Prosent. 2015

Kilde: SSB, Kommunestyre- og fylkestingsvalet, tabell 11059

Statistikk over valdeltaking er basert på ei opptelling av alle røyster i 27 kommunar, og eit representativt utval frå dei øvrige kommunane. Førstegongsveljarar, innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og utanlandske statsborgarar er overrepresentert i utvalget for å kunne gjere analysar om valdeltakinga til desse gruppene.

Les meir om statistikken på SSBs nettsider.

Nesten ingen kjønnsforskjell i valdeltaking blant personer med innvandrarbakgrunn

Innvandrarar  har lågare valdeltaking enn andre i befolkninga. Det er nesten ingen kjønnsforskjell blant innvandrarar, og liten kjønnsforskjell blant norskfødte med innvandrarforeldre. Når vi ser nærmare på ulike grupper innvandrarar var kjønnsforskjellen i andelen som stemte ved kommune- og fylkestingsvalget i 2015 størst blant utenlandske statsborgarar. Røystinga er meir ulik om vi ser på kjønn og landbakgrunn. Les meir i SSBs artikkel om lavare valdeltaking blant personar med invandrarbakgrunn.

 

Deltaking i politikken

Veljarar for dei ulike politiske partia

Veljarar i stortingsvalet, etter politisk parti og kjønn, 2017

Kilde: SSB, Stortingsvalget, valgundersøkelsen, tabell 09624

Oppslutning om dei ulike partiene i kommunestyre- og fylkestingsvalet, etter kjønn. 2015

Kilde: SSB, Kommunestyre- og fylkestingsvalget, velgerundersøkelsen, tabell 11241

Veljarar i stortingsvalet, etter politisk parti og kjønn. Prosent. 2009-2017

Oppslutning om dei ulike partiene i kommunestyre- og fylkestingsvalet, etter kjønn. Prosent. 2015

Kilde: SSB, Stortingsvalet, valundersøkinga, tabell 09624

Statistikken omfattar eit utval av den norske folkesetnaden med stemmerett under 80 år og deira meiningar og haldningar til ei rekke politiske variablar.

Les meir på SSBs nettsidar.

Menn og kvinner røyster ulikt

Både i stortings- og kommunestyre- og fylkestingsvala har kvinner ein tendens til å stemme på partia på venstresida, medan fleire menn støtter høgresida.

Ved stortingsvalet i 2017 røysta 41 % av kvinner på Arbeiderpartiet, SV eller Raudt, og nesten halvparten av menn, 46 %, stemte anten på Høgre eller FrP. Det var likevel også mange menn som røysta Arbeiderpartiet (24 %) og til saman røysta 30 % av menn på Arbeiderpartiet, SV eller Raudt.

I kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 stemte 44 % av kvinner på eit av partia på venstresida, mens 22 % av kvinner stemte Høgre. 33 % av menn stemte SV, Raudt eller Arbeiderpartiet i dette valet, og 25 % stemte på Høgre. Høgre var dermed partiet med nest mest røyster frå menn, etter Arbeiderpartiet som 28 % av menn røysta på. Menn var noko meir spreidd i røystinga si ved dette valet samanlikna med stortingsvalet i 2013.

I Noreg, og i fleire andre land, var det fram til 1980-talet ein større andel menn enn kvinner som stemte på partia på venstresida, og ein større andel kvinner enn menn som stemte på partia på høgresida. Forskarar har foreslått at årsaka til at kvinner før stemte meir konservativt enn menn er at kvinner i større grad enn menn var religiøse, at dei var prega av dåtidas tradisjonelle kjønnsroller og at det var særleg overklassekvinner som røysta ved val. Forskningen har også peika på at den nyare tendensen til at kvinner røystar på partia på venstresida skyldast auka yrkesaktivitet blant kvinner, og kvinnerøysla (Bergh, 2008).  

Politisk engasjement

Andel menn og kvinner som har tatt del i ulike aktivitetar for å påverke ei sak i løpet av dei siste 12 månadene, 2017

Kilde: SSB, Organisasjonsaktivitet, politisk deltaking og sosialt nettverk, levekårsundersøkelsen, tabell 09193

Andel menn som har tatt del i ulike aktivitetar for å påverke ei sak i løpet av dei siste 12 månadene. Etter alder. 2017

Kilde: SSB, Organisasjonsaktivitet, politisk deltaking og sosialt nettverk, levekårsundersøkelsen, tabell 09193

Andel kvinner som har tatt del i ulike aktivitetar for å påverke ei sak i løpet av dei siste 12 månadene. Etter alder. 2017

Kilde: SSB, Organisasjonsaktivitet, politisk deltaking og sosialt nettverk, levekårsundersøkelsen, tabell 09193

Prosentandel menn og kvinner som har tatt del i ulike aktivitetar for å påverke ei sak i løpet av dei siste 12 månadene. Etter alder. 2017

Kilde: SSB, Organisasjonsaktivitet, politisk deltaking og sosialt nettverk, levekårsundersøkelsen, tabell 09193

Statistikken er henta fra SSB sin levekårsundersøking om organisasjonsaktivitet, politisk deltaking og sosialt nettverk. Undersøkinga blir gjennomført kvart 3. år. 

Les meir om undersøkinga på SSB sine nettsider. 

Menn er litt meir aktive i arbeid for å påverke politikken

Ein større andel menn har skrive innlegg i avis, tidsskrift eller på internett og har kontakta politikarar eller offentleg tenestemann for å påverke ei sak. Meldingar på sosiale medier, som Facebook og Twitter, er ikkje rekna som å skrive eit innlegg på internett. Like mange menn og kvinner har ytt frivilleg innsats i parti, organisasjon eller gruppe, men deltaking i demonstrasjon er noko meir vanleg blant kvinner. 

Kjelder

Bergh, J. (2008). Årsaker til kjønnsforskjeller i stemmegivning. Tidsskrift for samfunnsforskning 2008 (3)

Kleven, Ø. (2017). Stemmeberettigede, valgordninger og valgdeltakelse siden 1815. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Kontakt

Anna Harnæs Foss
Rådgiver