Organisasjon
Bufdir ligg under Barne- og familiedepartementet (BFD), og er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar. Bufdir styrer Bufetat, som har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufetat skal gi barn, unge og familiar som treng det, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) ligg under Barne-, og familiedepartementet (BFD), og er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan som ligg under Barne-, og familiedepartementet (BFD). Hovudoppgåvene våre er innan områda oppvekst, barnevern, familievern, adopsjon, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar.
Bufdir styrer Bufetat, som har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufetat har om lag 5000 medarbeidarar i fem regionar. Direktoratet vart etter ei lovendring 1. januar 2014 fagorgan for heile barnevernet, det vil seie både det kommunale og det statlege. Vi er plassert i Oslo og har knappe 200 medarbeidarar.
På vegne av departementet handsamar vi saker knytta til barnevernslova, adopsjonslova, barnelova, ekteskapslova og rettferdsvederlag. Rettstryggleik, legitimitet, likehandsaming, ivaretaking av mangfald og sakshandsaming av høg kvalitet er sentralt for direktoratet.
Direktoratet er fagleg rådgjevar for departementet og komptetanseorgan på områda våre for sektoren, andre offentlege organ og for ålmenta. Ein viktig funksjon er å skaffe fram og formidle solid kunnskap innan ansvarsområda våre.
Bufdir er nasjonalt kontor for gjennomføringa av EU-programmet Aktiv Ungdom (No Erasmus+). Vi forvaltar også tilskotsordningar på vegner av departementet.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er organisert i fem regionar og har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufetat skal gi barn, unge og familiar som treng det, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvar for styringa av Bufetat. Regionane i Bufetat leverer statlege barne- og familievernstenester på vegner av staten. Ansvaret er blant anna regulert av barnevernslova og familievernkontorloven.
Bufetat tilbyr det kommunale barnevernet differensierte og spesialiserte barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og spesialiserte hjelpetiltak i heimen. Etaten har ansvar for at tenestene drivast med forsvarleg kvalitet og at tenestetilbodet er tilstrekkeleg for behovet i folkesetnaden.
Ansvaret for rekruttering av fosterheimar ligg også i Bufetat. Etaten skal sikre at det finnast tilstrekkeleg med fosterheimar og bidra til forsvarleg kvalitet gjennom opplæring og rettleiing.
Når den kommunale barnevernstenesta har kome til at eit barn treng plassering utanfor heimen, skal Bufetat hjelpe til med å finne det tiltaket barnevernstenesta meiner er riktig, anten dette er institusjon eller fosterheim.
Bufetat har ansvar for godkjenning av private og kommunale barnevernsinstitusjonar. I tillegg har Bufetat sine regionar ansvar for handsaming av adopsjonssaker i sin region og enkelte andre tiltak retta inn mot kommunane.
Bufetat sine fem regionar
Region Aust
Dekkjer fylka Viken (Tidl. Akershus og Austfold) og Innlandet. (I tillegg Oslo når det gjeld familievernet)
Regionkontoret ligg i Lillestrøm
Region Sør
Dekkjer fylka Viken (tidl. Buskerud), Vestfold og Telemark og Agder.
Regionkontoret ligg i Tønsberg
Region Vest
Dekkjer fylka Rogaland og Vestland
Regionkontoret ligg i Bergen
Region Midt-Noreg
Dekkjer fylka Møre og Romsdal og Trøndelag.
Regionkontoret ligg i Trondheim.
Region Nord
Dekkjer fylka Nordland og Troms og Finnmark.
Regionkontoret ligg i Alta.
I oktober 2002 la Regjeringa fram framlegg om at oppgåver fylkeskommunen hadde ansvaret for innan barnevern og familievern skulle overførast til staten. Hovudgrunninga var endra rammetilhøve.
Framlegget vart vedteke, og i 2004 vart Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) oppretta. Staten overtok då formelt ansvaret for barnevernet og familievernet frå fylkeskommunane. Oslo kommune var unntatt dette vedtaket.
Det nye statlege organet blir organisert i eit sentralt nivå, Barne, - ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og med fem regionar på etatsnivå.
1. januar 2013 vart Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA) oppretta med hovudkontor i Tønsberg. BSA er intern tjenesteleverandør til Bufdir og Bufetat.
Bufdir har hovudkontor i Oslo.
Ann-Marit Sæbønes var Bufdir sin første direktør, og satt til 2010. I september 2010 tok noverande direktør, Mari Trommald, over.
Organisasjonskart Bufdir (Oppdatert mai 2022)
Organisasjonskart Bufetat (Oppdatert mai 2022)
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er underlagt Barne- og familiedepartementet (BFD)
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Bufdir er organisert i fem divisjoner, som igjen er delt i avdelingar:
Divisjon for organisasjon
Avdelingar:
- verksemdsstyring
- økonomi
- arbeidsrett
- HR
Divisjon for kunnskap
Avdelingar:
- analyse
- likestilling og universell utforming
- oppvekst
- kunnskapsstyring
Divisjon for digital utvikling
Avdelingar:
- IKT- arkitektur
- produkt og plan
- løysingsutvikling
- web og digitale løysinger
Divisjon for forvaltning
Avdelingar:
- barnerett
- internasjonale tenester
- ekteskapsrett og rettferdsvederlag
- tilskot
Divisjon for tenester
Avdelingar:
- plan og koordinering
- tenesteutvikling
- kompetanse og implementering
Adminstrative tenester
Avdelingar:
- IKT
- Løn, personal og dokumentforvaltning
- Økonomitenester
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Bufetat er organisert i fem regionar:
- Region Aust
- Region Sør
- Region Vest
- Region Midt-Noreg
- Region Nord
Senter for administrasjon og utvikling (BSA)
Barne-, ungdoms- og familieetaten har også eit senter for administrasjon og utvikling (BSA).