Fortsatt foreldre er eit kurs som passar deg som ønskjer å skape eit GODT NOK foreldresamarbeid med ekspartnar etter samlivsbrot - til beste for barna.
Mange foreldre slit med samarbeidet med den andre forelderen, uavhengig av om det har gått kort eller lang tid sidan brotet.
På kurset blir det mogleg å reflektere og bli medviten om rolla di som forelder og samarbeidspartner, og du får hjelp til å møte konflikter på ein konstruktiv og løysningsorientert måte. Hugs:
- Barna sin barndom er no.
- Dei har ikkje tid til å vente på at foreldra skal slutte å vere ueininge.
- De er modellar for barna sine måtar å løyse konfliktar på.
- Barna treng å vite kvar dei skal bu og kvar dei skal vere.
- Alle familier er ulike. Avtalene om barna si tid med foreldra kan variere.
Innhald i kurset
Det overordna formålet med kurset Fortsatt foreldre er at barna skal få oppleve at foreldra klarer å samarbeide og kommunisere etter brotet, slik at kvardagen til barna blir mest mogleg trygg og som venta.
Dei fem hovudtemaene på kurset:
- Prosessen ved brotet
- Kommunikasjon, konflikt og samspel
- Å sjå barna sin livssituasjon
- Foreldresamarbeid
- Vegen vidare
Påmelding
Fortsatt foreldre-kurs blir arrangert over heile landet. Sjå oppsatte kurs i kursoversikta.
Kursa går føre seg i grupper. Du vil møte andre foreldre som har barn med ein dei ikkje bur saman med.
Ekspartnarar bør ikkje gå på same kurs.
Ta kontakt med familievernkontoret ditt for meir informasjon.