Kontaktinformasjon
Besøksadresse
Svanehaugvegen 3, 6812 Førde
Postadresse
Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Telefon: 466 19 260
E-post: bente.krakas@bufetat.no
Svanehaugvegen 3, 6812 Førde
Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Telefon: 466 19 260
E-post: bente.krakas@bufetat.no
Det blir laga individuelle planar saman med kvar familie der det blir sett opp avtalar. Vi er saman med familien ved nokre måltid, ved nokre stell eller nokre gonger når de leikar med bornet. Vi avtalar tidspunkt for samtalar og rettleiing. Vi tilbyr pass av bornet når vi har samtalar der barnet ikkje bør delta.
Dersom barnet allereie har barnehagetilbud, tilrår vi å opprettholde dette nokre dagar i veka dersom avstanden tillet det, slik at borna kan holde kontakt med det vante miljøet og ha kontinuitet medan dei bur på senteret.
Dersom de er i jobb, tilrår vi at de får heilt eller delvis permisjon, slik at de kan vere med på mest mogleg av utrednings- og behandlingsarbeidet.
De kan ha besøk i leilegheita. Vi ynskjer at de avtaler dette med oss på førehand, slik at det ikkje kolliderer med andre gjeremål. De kan gå til nødvendige avtalar, og ta turar i nærmiljøet, dersom det ikkje kolliderer med avtalar og opplegget på senteret. Dersom de har lyst til å delta i aktivitetar utanfor senteret er dette fullt mogleg. Vi som jobber her kan hjelpe deg å finne det tilbudet du leiter etter og kva som finst i området.
De reiser heim annakvar helg. Vi tilrår at de opprettheld kontakten de har med venner, familie og fritidsaktiviteter i den tida de bur på senteret. Nødvendig oppfølging frå aktuelle lokale hjelpeinstansar som lege, helsestasjon og andre, er vanleg å avtale i samband med heimreisene.
Bruk og oppbevaring av alkohol og andre rusmidlar vert ikkje akseptert på senteret, og kan i nokre tilfellar resultere i utskriving. Ved behov vil det bli inngått avtale med den enkelte om rusmiddelkontroll.
Trugsmål og/eller vold mot dei andre familiane eller tilsette på senteret vert ikkje akseptert, og vil medføre utskriving.
Det er møte med familie og barnevernteneste før innflytting. Barneverntenesta er med på møtet og vi planlegg oppholdet og kva vi skal jobbe med medan de bur her. Vi gjev informasjon om senteret og opphaldet. Det er viktig at de får god informasjon, at de får stille spørsmål og at de veit kva de seier ja til.
Vi har eit nytt møte den dagen de flyttar inn. Her går vi gjennom planen for oppholdet saman med dåke og barneverntenesta. Vi informerar om korleis dei kommande vekene vil sjå ut og ynskjer også at de skriv under på avtalar for oppholdet.
Eit opphald hos oss er frivilleg og de må gje samtykkje til å vere her.
De har eiga leilegheit som de får nøkkel til. Leiligheita er fullt utstyrt, og har eige bad og eit te-kjøkken.
Det er og mogleg å nytte felleskjøkkenet til matlaging og måltider.
Familiane har ansvar for eiga hushaldning med innkjøp, matlaging og reinhold av klær og leilighet. De deler vaskerom med dei andre familiane.
Utanfor huset har vi leikeplass med ulike leikeapparat, sandkasse, benkar og stor plen.
De må ha eigen bustad utanfor senteret. De reiser heim annankvar helg og i høgtider som jule- nyttårs- og påskehelgar. Heimreiser utover dette kan avtalast.
Det er plass til tre familiar hos oss. Familiane som bur her har ulike utfordringar. Dette kan vere:
Eit utgreiingsopphald varer i inntil 8 veker. Dersom det er behov for vidare rettleiing, kan det søkast om utviklingsstøttande behandlingsopphald i 3-6 månadar
Vi har ei personalgruppe som består av 7 miljøterapeuter, kvilande nattevakter og avdelingsleiar. Vi har mange års erfaring, dei fleste har sosialfagleg bakgrunn med vidareutdanning og sertifisering i relevante fag og metodar. Bortsett frå avdelingsleiar, går alle i turnus.
Personalgruppa har rettleiing av ein psykologspesialist som har lang erfaring med sped- og småbarnsarbeid.
Det er til ei kvar tid personale på vakt. Det er kvilande nattevakt. Det er stengt annankvar helg, og i påske,- jule- og nyttårshelg.
Informasjon til kommuner, barnevern og andre om hvem vi tar inn, hvordan vi jobber og hvordan man søker om plass.
Senteret er eit barneverntiltak der oppgåva vår er å utgreie og vurdere omsorga barnet får. Vi er med på daglege rutinar som stell, måltid og døgnrytme. Vi ser på korleis de møter barnet og ivaretek kjenslemessige behov som barnet har. Foreldre vil alltid det beste for barnet sitt, og utgangspunktet er at de skal få hjelp til å gje det barnet treng. Dersom utfordringar i eige liv er til hinder for at barnet sine omsorgsbehov blir dekka, er det vår oppgave å ta dette opp med familien og barneverntenesta.
De vil få to kontaktpersonar (familiekontaktar) som har særleg ansvar for dykk. Familiekontaktane samarbeidar med resten av teamet. Teamet har rettleiing av psykologspesialist. Saman arbeidar vi mot eit felles mål om å betre omsorgssituasjonen til barnet.
Vi ynskjer å vere mykje sammen med dåke for å kartlegge kva som er styrker og kva som er utfordringar. I utgreiingsarbeidet fokuserer vi på barnet og samspelet i familien.
Vi rettleier i måtar å forstå og vere saman med barnet på. Vi samtalar om korleis de kjenner barnet og om korleis de kan oppfatte og tolke dei signala barnet gjev. Vekene framover vert brukt til å rettleie og samtale med foreldra samstundes som vi er mykje saman med dykk for å vurdere om omsorgssituasjon til barnet vert betre.
Vi nyttar ulike metodar i kartleggingsarbeidet. I arbeidet med foreldre si omsorgsutøving og samspel mellom foreldre og barn brukar vi miljøobservasjonar. Vi brukar også filmopptak for å synleggjere barnet sine reaksjonar og handlingar for foreldra. Vi har samtalar og rettleiing.
Det er samarbeidsmøte med barneverntenesta både før innflytting undervegs i opphaldet og ved utflytting. I møta vil vi snakke saman om foreldra sine erfaringar, om våre observasjonar og om status i arbeidet. Vi har alltid møte med foreldra før samarbeidsmøta., slik at de veit kva vi kjem til å presentere i møtet.
Når du bur på eit senter for foreldre og barn, har du fleire rettar og plikter. Tilsette på senteret skal respektere familie- og privatlivet ditt, og sørge for at du får vere med å påverke dagleglivet på senteret. Vi som jobbar her skal legge til rette for at du og familien din har det trygt og trivst på senteret. Vi har fastsatt husreglar og rutinar som det er viktig at alle som bur her forheld seg til. På den måten kan oppholdet ditt bli betre og alle bidrar til fellesskapet.
Statsforvaltaren i Vestland skal sikre at lover og reglar blir fulgt, og at alle som bur på senteret får eit godt og forsvarleg tilbod. Statsforvaltaren skal føre tilsyn med senteret så ofte som forholda tilseier det, og minimum kvart andre år. Dersom du er misnøygd med forholda på senteret, kan du klage til Statsforvaltaren. Du kan klage både skriftleg og muntleg.