Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Fosterforeldre er effektive ambassadørar

To menn og en gutt med fotball.
Foto: ByAksel

Kvart år treng rundt 1000 barn ein ny fosterheim. Ei fersk undersøking Sentio har utført på oppdrag av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) viser at det er meir aktuelt for dei som kjenner nokon som er eller har vore fosterforeldre å opne heimen sin enn andre.

Publisert

Innholdet kan være utdatert

Av barn under 18 år i Noreg som av ulike årsaker ikkje kan bu hos foreldra sine, bur meir enn åtte av ti i fosterheimar. Kven er interessert i å bli fosterforeldre, og kva skal til for at det blir aktuelt?

Undersøkinga, som blei utført i september, viser at fosterforeldre er viktige aktørar i fosterheimsrekruttering. Dei som kjenner nokon som er eller har vore fosterforeldre er generelt meir positive til å vurdere å bli fosterforeldre sjølv. I tillegg har denne gruppa mest kunnskap om emnet, og dei har i større grad lagt merke til informasjon og reklame om temaet.

– Fosterforeldre gjer ein uvurderleg jobb for kvart enkelt barn og for samfunnet. Dei veit best korleis det faktisk er å vere fosterforeldre og er derfor viktige kjelder til informasjon og inspirasjon, kommenterer Hege Nilssen, direktør i Bufdir.

Blant befolkninga generelt er det 19 prosent som ser det som aktuelt å bli fosterforeldre. Medan blant dei som kjenner fosterforeldre er det 26 prosent som ser det som aktuelt.

Stort potensiale blant dei over 50

I aldersgruppa 30-39 år oppgir i overkant av halvparten at dei har tenkt eller teke ei vurdering om å bli fosterforeldre no eller på sikt. Tilsvarande del for aldersgruppa over 50 år er på 26 prosent.

– Vi trur at aldersgruppa 50 pluss har eit stort potensial som fosterforeldre. Kanskje har dei vaksne barn som har flytta ut og kan hjelpe ein ungdom i nokre få år før overgangen til vaksenlivet, og dei har verdifull livserfaring, seier Nilssen.

1004 personar over 18 år deltok i undersøkinga. Den skal styrkje kunnskapsgrunnlaget i Bufdir og Bufetats fosterheimsrekruttering.

Fleire funn frå undersøkinga:

  • Tryggleik om støtte og god oppfølging er viktig: Fire av ti av dei som kunne tenkje seg å bli fosterforeldre oppgir at støtte frå kommunen og god oppfølging frå fosterheimstenesta i Bufetat i prosessen er avgjerande for om dei tek det neste steget.

  • Ein modningsprosess: Over halvparten av respondentane som har vurdert å bli fosterforeldre har vurdert det i over tre år.

  • Avhengig av livssituasjon: 49 prosent av dei som oppgir at det ikkje er aktuelt å bli fosterforeldre grunngir det med at det ikkje passar i livssituasjonen. Samtidig er livssituasjonen eit hinder for 28 prosent av dei som er interesserte i å bli fosterheimar.

Sjå heile rapporten om fosterheim her