Om tilskotsordninga

    • Beløp (år): Løyvinga på posten var i overkant av 193 millionar kroner i 2018. Dette er ikkje avklart for 2019 før etter statsbudsjettet er vedteke av Stortinget.
    • Søknadsfrist: 15. september 2018.
    • Rapporteringsfrist: Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden.
    • Kven kan søkje: Frivillige og demokratiske nasjonale organisasjonar av og for funksjonshemma kan søkje om tilskot.
    • Regelverk for ordninga. Sjå presedensarkivet og ofte stilte spørsmål for ordninga nedanfor, her kan du lese om tolkingar og praksis rundt enkelte avgjerdsler. NB! Regelverket er oppdatert i 2018. Dei vesentlege endringane er at overgangsreglane i kap. 10.2 er forlenga ut tilskotsåret 2019 og nokre justeringar i kap. 10.3. om avgjerdsler om dispensasjon for tilskotsåret 2019. Sjå utlysningsteksten for meir informasjon. 
    • Søknadsskjema: Skjemaet blir per 27.8.2018 kl. 14:00 tilgjengeleg søknadsportalen vår
  • Informasjonsmøte 2017:
    Vi arrangerte informasjonsmøte for 2018-søknaden fredag 27. oktober kl. 10:30–14:00 på hotell Scandic Solli i Oslo.
  • Oversikt over tidlegare vedtak og tildelingar.
  • I mai 2018 vart ordninga evaluert av Rambøll.
Mål for ordninga

Føremålet med ordninga er å leggje til rette for deltaking i organisasjonen, og for at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje service til eigne medlemer.

Detaljert utlysning for 2019

UTLYSING AV STATSTILSKOT FOR 2019, KAP. 872 POST 70 – TILSKOT TIL FUNKSJONSHEMMA SINE ORGANISASJONAR

1. Viktig informasjon til alle søkjarar

Bufdir ber alle organisasjonar som skal søkje driftstilskot i 2019, merke seg følgande viktige hovudpunkt:

  • Ver venleg å lese grundig det som står i denne utlysinga, særskilt punkt 4 (for dei som fekk tilskot i 2018) og punkt 5 (for dei som er nye søkjarar i ordninga).
  • Søknadsfrist er fastsett til laurdag 15. september (Sidan ordinær frist fell på ein laurdag, leggast søknadsfristen til neste virkedag som er måndag 17. september).
  • Søknad skal sendast inn elektronisk via Bufdir sin digitale søknadsportal 
  • Alle som søkjer, pliktar å setje seg inn i regelverket for tilskotsordninga. Meir informasjon om tilskotsordninga og regelverket finn du på denne sida.
  • Bufdir vil halde eit informasjonsmøte om søknadsprosessen for 2019. Sjå øvst på denne sida for meir informasjon om dette.

2. Føremål og målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige og demokratiske organisasjonar for funksjonshemma som baserer seg på individuell medlemskap og som jobbar mot diskriminering og for likestilling av personar med nedsett funksjonsevne i samfunnet. Føremålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for deltaking frå medlemene i organisasjonen, og for at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje service til eigne medlemer, jf. pkt. 1.1. i tilskotsregelverket.

3. Grunnlag for tilskotsberekninga i 2019

Jf. regelverket pkt. 3.3 bokstav a, b, c og d blir tilskotet for 2019 berekna ut i frå følgjande grunnlag frå 2017:

  • Talet på medlemer
  • Talet på fylke med medlemer
  • Talet på lokallag
  • Talet på aktivitetsdagar med likepersonsaktivitetar
  • Talet på registrerte likepersonar

Tilskotet blir rekna ut etter ein modell der det blir tildelt eit tal poeng basert på dei nemnde utmålingskriteria og denne blir gonga med ein faktor basert på gruppeplasseringa (jf. pkt. 3.4. og 3.5. i regelverket). Kvart poeng får ein kroneverdi basert på den totale summen poeng for alle organisasjonane delt på den totale summen tilskot til fordeling.

For tilskotsåret 2019 kom ein ny overngangsregel som sikrar at ingen organisasjon skal motta driftsstøtte i 2019 som avvik +/- 15% i høve tilskotsåret før (2018-tilskotet), jfr. regelverket pkt.10.2. 

VIKTIG: Unnateke her er organisasjonar som blir plasserte på uttrappingstilskot fordi ein ikkje tilfredsstiller krava etter pkt. 2.1. i regelverket, jf. pkt. 4.1.

4. Søknadsinformasjon for organisasjonar som fekk driftstilskot i 2018

Søknaden som her skal sendast inn, er ein søknad om driftstilskot for 2019 (med grunnlagsår 2017, jf. pkt. 1.3.1 bokstav d i regelverket).

Organisasjonar som ikkje tilfredsstiller krava til 250 medlemer eller medlemer i minst fem fylke, og heller ikkje kan søkje unntak på grunnlag av at ein organiserer ein sjeldan diagnose, kan i staden søkje om uttrappingstilskot. Dette er eit eige val i søknadsskjemaet. Uttrappingstilskotet for 2019 utgjer 50 % av tilskotet ein fekk i 2018. Uttrappingstilskot kan gjevast i inntil tre år. Sjå nærare pkt. 4.1 i regelverket.

Organisasjonar som vart sette på uttrappingstilskot i 2018, men som no tilfredsstiller krava kan få innvilga ordinært tilskot igjen i 2019.

Organisasjonar som ikkje tilfredsstiller krava nemnde ovanfor (jf. pkt. 2.1 i regelverket), kan bli plasserte på uttrappingstilskot av Bufdir sjølv om ein ikkje søkjer om dette.

4.1 Vedlegg til søknaden og ettersending

Sjå punktet "Korleis søke?". Ettersendingar vil normalt ikkje godtakast med mindre det ligg føre særskilte omstende.

4.2 Dispensasjonar og overgangsreglar

Les meir om overgangsreglane her eller i pkt. 10.2. og 10.3. i regelverket. Frå tilskotsåret 2014 til tilskotsåret 2018 ga ein dispensasjon frå krava i regelverket dersom det var naudsynt med vedtektsendringar for å oppfylle krava. Denne dispensasjonen gjeld ikkje for tilskotsåret 2019.

Merk dykk at vedtektsendringar må vere gjennomførte innan søknadsfristen for 2019, altså 15. september 2018. Organisasjonar som skal gjennomføre (ekstraordinært) landsmøte/årsmøte hausten 2018, kan søke om å få ettersende vedtektene (innan utgangen av året) etter skriftleg søknad per epost. Søknad om å ettersende vedtekter må sendast i forkant av søknadsfristen 15. september til karoline.paulen@bufdir.no. Bufdir tolkar altså dette punktet til gunst for dei organisasjonane som framleis ikkje har alt på plass, men etter 31.12.2018 vil det ikkje bli gitt unntak. Vi minner om at organisasjonane har hatt fleire år på å gjere tilpasningar.

Direktoratet vil kun i særskilte tilfelle kunne dispensere frå krava knytta til vedtektsendringar, eller krav der organisasjonane må gjennomføre store organisatoriske eller administrative endringar for å oppfylle krava i regelverket jamfør regelverket punkt 10.3.

5. Søknadsinformasjon for organisasjonar som ikkje fekk driftstilskot i 2018 (nye søkjarar)

Søknaden som her skal sendast inn, er ein søknad om driftstilskot for 2019 (med grunnlagsår 2017, jf. pkt. 1.3.1 bokstav d i regelverket) og samstundes som ein søknad om rett til tilskot. Nye organisasjonar, dvs. alle organisasjonar som ikkje fekk driftstilskot frå Bufdir i 2018, blir bedne om særskilt å merke seg følgjande sentrale punkt i regelverket (sjå nærare pkt. 2.1 – 2.3 i regelverket):

  • Organisasjonen må ha eksistert i to år og må kunne dokumentere dette gjennom årsmelding og revidert årsrekneskap for dei siste to åra før søknadsåret, dvs. 2016 og 2017 for denne søknaden (pkt. 2.1 bokstav m). Tilskotsforvaltar kan unntaksvis fråvike kravet dersom det ligg føre særskilte grunnar.
  • Organisasjonen sin medlemsmasse må i hovudsak bestå av personar med nedsett funksjonsevne og/eller deira pårørande (pkt. 2.1 bokstav a)
  • Organisasjonen må drivast på eit ideelt og ikkje-kommersielt grunnlag (pkt. 2.1 bokstav e)
  • Organisasjonen må ha ei medlemsbasert, demokratisk oppbygging (pkt. 2.1 bokstavane h, i, k, l og m)
  • Organisasjonen må ha organisasjonsnummer, dvs. at han må vere registrert i Einingsregisteret (pkt.2.1 bokstav n), og opplysningane i Einingsregisteret må vere oppdaterte.
  • Organisasjonen må ha minst 250 betalande medlemer og medlemer med bustadadresse i minst fem fylke (pkt. 2.1 andre ledd, bokstav a og b).
  • Det blir gitt unntak frå kravet ovanfor for organisasjonar som organiserer personar med sjeldne diagnosar (jf. pkt. 1.3.1 bokstav l og pkt. 2.2).

5.1  Vedlegg til søknaden og ettersending

Sjå punktet «Korleis søkje». Ettersendingar vil normalt ikkje godtakast med mindre det ligg føre særskilte omstende.

5.2  Dispensasjonar og overgangsreglar

Overgangsreglane i pkt. 10.2–10.3 er laga med tanke på organisasjonar som fekk driftstilskot i 2013 og 2014. Nye søkjarar til ordninga vil derfor ikkje falle inn under desse reglane, og må derfor tilfredsstille alle aktuelle inngangs- og dokumentasjonskrav etter denne tilskotsordninga fullt ut for det aktuelle grunnlagsåret det blir søkt om – i dette tilfellet for 2017.

Målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er medlemene i funksjonshemma sine organisasjonar.

Kva kan eg søkje om tilskot til?

De kan søkje om driftstilskot. Driftstilskot skal gå til oppgåver som normalt er ein del av den interne og eksterne kjerneverksemda i organisasjonane i samsvar med vedtekter, føremål og aktivitetsplanar.

Korleis søkje?

Søk om tilskot ved å fylle ut og sende inn skjema i Bufdir sin søknadsportal. Altinn-skjema skal ikkje lenger nyttast.

  • Ha nødvendige vedlegg klare til opplasting når de set i gang søknadsutfyllinga.

Vedlegg til søknad

For søkjarar som fekk tilskot i 2018:

  • Årsrekneskap for 2017 med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmelding for 2017. Årsmeldinga skal som minimum skildre aktivitetane og drifta i 2017 og skal normalt vere styret si årsmelding.
  • Særattestasjon frå revisor. Skjema for særattestasjon finn du under "Malar og skjema" nedanfor.
  • Gjeldande vedtekter dersom desse er endra sidan førre søknad. Eventuelle vedtektsendringar skal vere markerte i dokumentet.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i 2017. Dersom dette er dekt i skildringar i årsmeldinga, er det ikkje nødvendig å leggje dette ved separat.

For nye søkjarar:

  • Årsrekneskapa for 2016 og 2017 med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmeldingane for 2016 og 2017. Årsmeldinga skal som minimum skildre aktivitetane og drifta i 2016 og 2017 og skal normalt vere styret si årsmelding.
  • Særattestasjon frå revisor. Skjema for særattestasjon finn du under "Malar og skjema" nedanfor.
  • Gjeldande vedtekter for organisasjonen.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i 2017. Dersom dette er dekt i skildringar i årsmeldingane, er det ikkje nødvendig å leggje dette ved separat.

Kven skal sende inn søknaden

Dagleg leiar eller styreleiar i organisasjonen må stadfeste søknaden ved å signere eit fullmaktsskjema som må lastast opp saman med søknaden, slik at ein følgjer signaturreglane etter regelverket (pkt. 6.1.1.). Skjemaet finn de under "malar og skjema" nedanfor på denne sida.

Eg har sendt inn søknad. Kva no?

Saksgang

Når søknadsfristen går ut, vil vi setje i gang med saksbehandlinga. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for korreksjonar og ettersendingar.

Når og korleis får eg vite om eg får tilskot?

Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga i februar månad, og at tilskots- og avslagsbrev og utbetaling vil kunne sendast ut i slutten av februar. Dette vil likevel kunne variere noko frå år til år.

Høve til å klage – korleis klagar eg?

Det vil følgje med informasjon om korleis de kan klage på vedtak i vedtaksbrevet de får. Normalt er klagefristen tre veker frå de får brevet.

Ofte stilte spørsmål og presedensarkiv

Ofte stilte spørsmål er ei samling med informasjon/avgjerder som er fatta rundt regelverket og forvaltningspraksis for tilskotsordninga.

Presedensarkivet er ei samling avgjerder i saker om tilskot som er fatta i saksbehandlinga. Avgjerdene er av prinsipiell karakter og vil vere retningsgjevande for tolking av dei aktuelle reglane i regelverket.

Malar og skjemaer

Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden. Rapporteringsfrist er dermed det same som søknadsfristen.

Rapporteringa skal leggjast ved søknaden og består av organisasjonane sine årsmeldingar og årsrekneskapar. Årsrekneskapen skal leverast med revisjonsmelding frå registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen må vere spesifisert slik at det går fram at tilskotet er nytta etter føresetnadene.

Malar for årsrapport og likepersonsaktivitetar

Bufdir har utarbeidd ny felles mal for rapportering på likepersonaktivitetar i tråd med endringane i regelverket for ordninga (dette gjeld då alle aktivitetar etter pkt. 3.3. bokstav d). I tillegg har vi laga ein mal for årsrapportskjema for lokallag.

Merk at malane berre er ei tilråding frå vår side, og det er fullt mogleg å nytte eigne skjema så lenge dei tilfredsstiller dokumentasjonsreglane i pkt. 5.4 i regelverket. Skjemaa finn du her:

Særattestasjon for søknad om tilskudd

Nedanfor finn du skjema for særattestasjon frå revisor som må leggjast ved søknaden. Merk at dette no er vesentleg forenkla samanlikna med tidlegare år. Skjemaet er generisk og vil vere gjeldande for alle grunnlagsår fram til eventuelt endringar i regelverket eller andre forhold fører til behov for justeringar.

NB! Får de særattestasjonen utarbeidd av revisor før utlysinga for tilskotet er publisert, må de vere merksame på at endringar kan førekome, og at det vil då vere nyaste versjon av skjemaet som skal leggjast ved søknaden.

Særattestasjon frå revisor:

Rettleiar for særattestasjon:

Fullmaktsskjema for signering av søknad

Dersom ein annan enn styreleiar eller dagleg leiar sender inn søknaden i søknadsportalen, skal det leggjast ved fullmakt. Nedanfor er eit standardskjema for slik fullmakt. Du kan gjerne nytte eige skjema eller oppsett - men dette må då innehalde dei same opplysningane som malen gjer: Namn på den som får fullmakta, namn (og gjerne organisasjonsnummer) på organisasjonen og dato og signatur frå den som gjev fullmakta (dagleg leiar eller styreleiar).

 

Ekspertutvalet

Ekspertutvalet er oppnemnt av Bufdir og skal hjelpe med råd i saksbehandlinga av tilskotsrett for nye søkjarar i ordninga og vurderingar av gruppeplassering.

Kontakt oss