Vald i nære relasjonar

Personar som er ofre for mishandling eller grov mishandling i nære relasjonar som er melde til politiet. 2006-2017

Kilde: SSB, Ofre for anmeldte lovbrudd, tabell 08638

Personar som er ofre for mishandling eller grov mishandling i nære relasjonar som er melde til politiet, etter alder. 2017

Kilde: SSB, Etterforskede lovbrudd, tabell 08638

Personar sikta for mishandling eller grov mishandling i nære relasjonar. 2006-2017

Kilde: SSB, Ofre for anmeldte lovbrudd, tabell 08638; SSB, Etterforskede lovbrudd, tabell 09417

Personar som er ofre for mishandling eller grov mishandling i nære relasjonar som er melde til politiet. 2006-2017

Personar som er ofre for mishandling eller grov mishandling i nære relasjonar som er melde til politiet, etter alder og år, 2006-2017

Personar sikta for mishandling eller grov mishandling i nære relasjonar. 2006-2017

Kilde: SSB, Ofre for anmeldte lovbrudd, tabell 08638; SSB, Etterforskede lovbrudd, tabell 09417

Datagrunnlag

Vi snakkar ofte om vald i nære relasjonar, men kva skal vi rekne for ein «nær» relasjon? Vi definerer vald i nære relasjonar som vald mot ein noverande eller tidlegare partnar, både i likekjønna og ulikekjønna parforhold, uavhengig av etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Dette inkluderer òg kjærastar. Vi inkluderer i definisjonen òg vald mot søsken, barn, foreldre, besteforeldre og andre i rett opp- eller nedstigande linje, i tillegg til vald i adoptiv-, foster- og steforhold. Definisjonen kan òg omfatte vald i langvarige omsorgs- og pleierelasjonar og nære venskap (Prop. 12 S (2016 – 2017)).

Straffelova av 2005 definerer i § 282 nære relasjonar som ein noverande eller tidlegare ektefelle eller sambuar, ein slektning i rett nedstigande linje av ein noverande eller tidlegare ektefelle eller sambuar, ein eigen slektning i rett oppstigande linje, nokon i eigen husstand, eller nokon i eins omsorg.

Når vi omtalar høve av vald i nære relasjonar, gjeld dette tal frå kriminalstatistikken som omhandlar lovbrotstypane «mishandling i nære relasjonar» og «grov mishandling i nære relasjonar» slik disse er definert i Straffeloven av 2005, § 282. Einskilde relasjonstypar, som noverande eller tidlegare kjæraste, er difor ikkje inkludert i den omtalte statistikken.

Personofre

Statistikken er henta frå SSB tabell 08638. Kjelda for tala er politiets straffesaksregister. Statistikken omhandlar personar som er ofre for lovbrot kategorisert som mishandling i nære relasjonar og grov mishandling i nære relasjonar, slik dette er definert i Straffeloven av 2005, §§ 282-283.

Tidlegare reflekterte statistikken føresegnene i Straffeloven av 1902, knytt til mishandling «i eit familieforhold». Dette blei endra 1. oktober 2015, da statistikken blei lagt om for å passe med implementeringa av ny straffelov. I den nye straffelova er «familieforhold» utvida til «nære relasjonar», og den nye statistikken omhandlar difor mishandling «i nære relasjonar».

Lov om mishandling i familieforhold blei innført i 2006. Sidan har det vore ein kraftig auke i talet på meldingar til politiet for brot på denne lova. Til å begynne med var dei registrerte ofra i hovudsak kvinner, men sidan 2010 har stadig fleire barn mellom 0 og 19 år kome inn i statistikken som utsette for mishandling i familieforhold. Det er òg verd å nemne at dei ulike valdslovbrota over tid har blitt registrert ulikt hos politiet, noko som nok har hatt ein effekt på statistikken over registrerte meldingar til politiet. Etter at disse sakene har blitt fordelt i samsvar med lovendringa i den nye statistikken, har talet på tilfelle av mishandling i nære relasjonar melde til politiet auka og talet på andre typar valdslovbrot gått ned (SSB, 2015).

Du kan lese meir om statistikken på SSB sine nettsider.

Sikta

Statistikken er henta frå SSB tabell 09417. Datagrunnlaget er basert på informasjon frå politiets straffesaksregister som omhandlar saker melde til politiet og oppfølginga av sakane. Tala i denne statistikken baserer seg på ferdig etterforska og avgjorde sake, og inkluderer både oppklåra og ikkje oppklåra saker. Lovbrota som er i statistikken treng ikkje vere melde til politiet same år som dei er ferdig etterforska og avgjorde. Ei sak som blei meldt til politiet i 2014, kan difor vere i populasjonen for etterforska saker i 2016, viss det tok så lang tid å avgjere saken.

Du kan lese meir om statistikken på SSB sine nettsider.

I 2017 blei kriminalstatistikken lagt om på grunn av implementeringa av ny straffelov (Straffeloven av 2005).  Statistikken viser derfor den registrerte kriminaliteten etter Straffeloven av 2005, det tyder lovbrot som er registrert i politiets straffesaksregister.  Den tidlegare statistikken, som viste den registrerte kriminaliteten etter Straffeloven av 1902, kan difor vere litt forskjellig frå statistikken som er tilgjengeleg i dag.

Det kan stundom vere tvil om kva endringar i kriminalstatistikken faktisk viser. Ei auke i talet på registrerte hendingar treng ikkje å tyde at det faktisk er ei auke. Det kan òg vere resultatet av ei forsterka innsats frå politiet eller eit sterkare medvit i samfunnet om at visse typar vald ikkje er lovleg, som vald og valdtekt i nære relasjonar (Stene, Thorsen og Lid, 2009).

Når vi i omtale av kriminalstatistikken her nyttar «utsette» og «utøvarar», er det høvesvis i tydinga «ofre» og «gjerningspersonar», med mindre noko anna er nemnt. «Mishandling i nære relasjonar» blir omtala som «vald i nære relasjonar».

2 av 3 utsette for mishandling i nære relasjonar er kvinner

I 2017 registrerte politiet 3 165 kvinner og 1 886 menn som utsette i høve av vald i nære relasjonar  ​melde til politiet. Talet på tilfelle av vald i nære relasjonar melde til politiet og talet på utsette i slike saker har auka kvart år sidan 2006, og nådde 5 051 personar i 2017. Før 2006 var det ikkje mogleg å melde mishandling i familieforhold til politiet som eige saksforhold. Da blei saker av denne typen registrert som husbråk eller vald. Ein analyse frå SSB viser at ein konsekvens av å innføre mishandling i familieforhold som eigen sakskategori,  var at talet på kvinner som blei registrerte som ofre for vald auka med 17 % frå 2005 til 2010. Omtrent alle var vaksne kvinner (Stene, 2014).

Sidan 2010 har det meste av auka i talet på utsette i melde saker om mishandling i nære relasjonar vore i aldersgruppa 0-19 år. Talet på utsette i denne aldersgruppa har tredobla seg sidan 2010 til over 3 350. Det er særleg i aldersgruppa 0-9 år at auka har vore kraftigast med ei firedobling sidan 2010 frå 500 i 2010 til 2 200 i 2017. I aldersgruppene 20 og oppover har tala vore stabile sidan 2010. Med andre ord, all auka i talet på utsette for mishandling i nære relasjonar sidan 2010 har skjedd i aldersgruppa 0-19 år.

3 av 4 sikta for vald i nære relasjonar er menn

I 2017 blei 424 personar sikta av politiet for vald i nære relasjonar; 336 av dei var menn og 88 kvinner. Kvinner utgjorde 11 % av dei sikta i 2010. Denne delen auka fram til 2012 og har sidan loge stabilt på omkring 20 %. I 2017 var delen kvinner bland dei som politiet sikta for vald i nære relasjonar 21 %.

Jenter er meir utsette for psykisk vald frå føresette

Ein studie av unge i alderen 16 og 17 år fann at 10 % av jentene og 3 % av gutane hadde opplevd psykisk vald frå føresette (Myhre, Thoresen og Hjemdal, 2015). I ein studie av vaksne svarte 15 % av kvinnene og 11 % av mennene at dei hadde opplevd psykisk vald frå ein føresett i oppveksten (Thoresen og Hjemdal, 2014).

Forsking viser at psykisk vald frå føresette er ein alvorleg belasting for barn, på lik linje med fysisk og seksuell vald. Graden av alvor i den psykiske valden avheng av graden av opplevd krenking, lengda på valdsforløpet og frekvens. Psykisk vald frå føresette, på same måte som fysisk vald frå føresette, bidreg til ein auka risiko for psykiske helseproblem (Myhre, Thoresen og Hjemdal, 2015; Thoresen og Myhre, 2016; Thoresen, Myhre, Wentzel-Larsen, Aakvaag og Hjemdal, 2015).