Som fosterforelder utfører du eit oppdrag på vegner av barnevernstenesten og får fosterheimsgodtgjerdsle. 

Finn du ikkje svar på det du lurer på? Ta kontakt med fosterheimstenesten der du bur.

Fosterheimsgodtgjersla inneheld

  • ei arbeidsgodtgjersle som du betalar skatt av
  • ei utgiftsdekking som er skattefri. Ho skal dekkje kost, klede og fritidsaktivitetar

Kor stor fosterheimsgodtgjerdsla er kjem an på kva barnet eller ungdommen treng, og kva avtale du gjer med barnevernstenesta i kommunen din. Du/de og barneverntenesta skriv kontrakt på dette. 

Tilpasninger og ekstra tiltak

Dersom fosterbarnet treng særleg oppfølging eller tilsyn, kan barneverntenesta setje inn tiltak som til dømes ekstra rettleiing, avlasting og støttekontakt. Omfanget avtalast før kvar plassering. 

Frikjøp

Nokre gonger er det behov for at ein av fosterforeldra er heime med fosterbarnet i ein periode. I denne perioden blir du heilt eller delvis frikjøpt frå den ordinære jobben din, og barneverntenesta gir deg kompensasjon for tapt arbeidsinntekt, innanfor den rettleiande grensa i folketrygda. 

Er du fosterheim for eit barn i familien eller nettverket ditt, har du dei same rettane som andre fosterheimar. 

Eksempler på betaling: 

Feriepengar, pensjon og løn under sjukdom

Er du frikjøpt frå den ordinære jobben din eller som oppdragstakar i statlege familieheimar, sjåast du på som frilansar og ikkje som arbeidstakar etter folketrygdlova. Dette inneber mellom anna at du i staden for feriepengar får utbetalt fosterheimsgodtgjersle 12 månader i året. 

Frikjøpte eller oppdragstakar sin rett til pensjon følgjer av folketrygdlova. På same måte som anna pensjonsgjevande inntekt, vil fosterheimsgodtgjersla du får inngå i grunnlaget for opptening av pensjonspoeng.

Sjukepengar

Dersom fosterheimsforholdet må avsluttast på grunn av sjukdom, gir folketrygdlova forsterforeldre rett til sjukepengar. Som frilansar har ein ikkje rett til sjukepengar før etter 17 dagar. Difor bør ein vurdere om ein treng å teikne ei tilleggsforsikring for denne perioden. Fosterforeldre og barnevernstenesta bør avklare saman om ein ei treng ei slik forsikring når fosterheimsavtalen blir inngått. 

Vil du vite meir om økonomi, betaling og kva rettar du har, kan du ta kontakt med ein fosterheimskonsulent der du bur.

Flere spørsmål? Finn din lokale fosterhjemstjeneste

Vil du vite mer om økonomi, betaling og rettigheter kan du ta kontakt med en fosterhjemskonsulent der du bor.

Eller se oversikt over fosterhjemstjenestene