Tid:
22 oktober 2021 16:00 - 24 oktober 2021 17:00
Sted:
Hotell i Førde
Kursdager:

Fredag 22. oktober 16.00-19.15

Laurdag 23. oktober 09.00-19.00

Søndag 24. oktober 09.00-17.00

Opplæringsprogrammet PRIDE for fosterheim i barnets familie og nære nettverk er for deg som er, eller skal bli, fosterforelder for eit barn du er i slekt med eller som du kjenner. Å vera fosterheim når ein er i slekt med eller kjenner barnet, kan vere særleg krevjande, sjølv om det også kan vere ei meiningsfull oppgåve.

PRIDE for fosterheim i barnets familie og nære nettverk gir kunnskap og innsikt i kva det inneber å være fosterforelder generelt, men også kva som er særeige for fosterforelder som er i slekt med fosterbarnet eller kjenner dei i frå før. 
 
Vår erfaring frå tidlegare kurs er at i tillegg til nyttig kunnskap er det å møte andre i same situasjon verdifullt for deltakarane. Barnevernsarbeidarar i kommunane vert også invitert til å delta på kurset. 

Tema som blir tekne opp

  • Lovgrunnlag og ramme for fosterheim 
  • Å møte barns behov for ein trygg base 
  • Å handtere tap 
  • Å gje god omsorg og oppdraging 
  • Å støtte familierelasjonar 
  • Familien i endring 
  • Barnevernstenesta sitt arbeid med fosterheimane 

Utgifter

Alt kursmateriell og overnatting er gratis. Reisekostnader må fosterforeldra dekke sjølve, eller dei kan søkje heimkommunen til fosterbarnet om å dekke desse.

Det er ein fordel at begge fosterforeldra deltek dersom ein lever i eit parforhold. 

Påmeldingsfrist

Søndag 26. september. Meld deg på i skjemaet nedst på siden.

Kursansvarleg

Har du spørsmål om opplæringa kan du kontakte rådgjevar Mariann Juklestad på e-post mariann.juklestad@bufetat.no eller telefon 466 16 076 . Du kan og kontakte Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane på e-post fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no eller telefon 466 19 000

Påmeldingsskjema PRIDE for fosterhheim i barnets familie og nære nettverk

Obligatoriske felter er merket med *.