Oppdrag på fulltid i eigen heim mot arbeidgodtgjersle tilsvarande full årslønn

Statleg familieheim er ein forsterka fosterheim for ungdom over 15 år som ikkje kan bu heime. I nokre tilfelle kan det vera aktuelt at barn under 15 år vert plassert i familieheim. Å vera familieheim er å arbeida med ungdom som treng vaksne som er til stades. Familieheimane gjev tilbud til ulike ungdommer med ulike utfordringar og samarbeider tett med omgjevnadene for at ungdom skal verta best mogleg i stand til å takla vaksenlivet.

Statlege familieheimar må ha:

  • Relevant erfaring og/eller utdanning
  • Evne til å motta rettleiing og opplæring både individuelt og i gruppe.
  • Gode samarbeidsevner, og evne til å organisera og koordinera samarbeid.
  • Engasjement og evne til å støtta og motivera barn og unge.
  • Følge opp skule, helse og sjølvstendetrening for å hjelpa barn med ein best mogleg overgang til «vaksenlivet».

Vi tilbyr:

  • Statleg standardkontrakt
  • Oppdrag tilsvarande full til
  • Opplæring og rettleiing
  • Oppfølging av familiekonsulent
  • Relevante kurs
  • Tilknyting til andre erfarne familieheimar
  • Døgnkontinuerleg bakvakt
  • Avlasting og friperiodar etter eigne føresgner
  • Pensjon

Arbeidsgodtgjersle

Arbeidsgodtgjersle mellom kr. 457 516 og kr. 585 195,- pr. år, - i året, avhengig av utdanning og arbeidserfaring. Utgiftsdekning på kr. 9 299,- pr.  månaden kjem i tillegg.

Kontakt

Snakk med en av våre rådgivere ved Fosterhjemstjenesten i Sogn og Fjordane  på telefon 466 19 000 – tast 4, eller send en e-post til fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no