Tid:
30 oktober 2021 10:00 - 17:00
Sted:
Scandic Sunnfjord Hotel og Spa
Adresse:
Storehagen 2, 6800 Førde

Fosterheimstenesta har gleda av å invitere fosterforeldre til dagssamling, laurdag 30 oktober. Målet er fagleg påfyll for de som står i tøffe kvardagar, men og at de får tid og høve til å treffe og snakke med andre fosterforeldre. 

Fosterheimstenesta vil for våre faste og planlagde aktivitetar til ein kvar tid følgja retningslinene som FHI tilrår på gjeldande tidspunkt. 

Tema og presentasjon av foredragshaldarar

Tema for samlinga er "Ivaretaking av parforholdet som fosterforeldre" med fordragshaldarar og familieterapeutene Rebekka Skaar og Siv Sæveraas. 

Rebekka Skaar er utdanna barnevernpedagog og familieterapeut. Ho har brei og lang erfaring innan relasjonsarbeid med born, ungdom og unge voksne frå mellom anna Utekontakten i Bergen kommune og det private tiltaket New Page. I Linnea Kompetansesenter jobba Rebekka 4 år med rekruttering av fosterforeldre, samt tett oppføging og rettleiing av både borna og familiane. Dei siste 6 åra har ho jobba på Bjørgvin Familiekontor og hatt eit ekstra engasjement og interesse for parterapi. Ho har vidareutdanna seg innafor feltet og har ein fersk og relativt sjeldan sertifisering som Gottmanterapeut.

Siv Sæveraas jobbar som familieterapeut ved Bjørgvin familiekontor, og er tilknytt familieterapiutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet som undervisar, studentrettleiar og sensor. Ho er utdanna familieterapeut ved Høgskulen på Vestlandet og har masterutdanning i familieterapi og systemisk praksis ved VID vitenskaplege høgskole i Oslo. Ho er også sertifisert terapeut i Gottman Parterapimetode ved Gottman-instituttet i USA. Ho har brei klinisk erfaring frå arbeid med enkeltpersonar, par og familiar. Ho driv også prosjekt med narrativ terapi for ungdom og familiar i Nairobi, Kenya. Siv har jobba med mennesker på ulike arenaer i meir enn 35 år, mellom anna som journalist, forfattar, portrettskribent, forelesar, rettleiar og sensor.

Påmelding

Bruk skjeamet nedst på siden. Samlinga er gratis og inkluderer dag pakke med lunsj. Påmeldingsfrist er 15. oktober og det er totalt plass til 100 deltakere.

Dersom du treng overnatting eller på anna vis støtte så ta kontakt med lokal barnevernsteneste.

Spørsmål

Har du spørsmål om samlinga kan du kontakte fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no eller ringe oss på telefon 466 19 000.

Påmelding daggsamling

Obligatoriske felter er merket med *.