Er du den som kan gje Asim den omsorga og heimen han treng?

Asim veit at han ikkje kan bu hjå familien sin og han bur no i ein midlertidig heim.
Der han er no får han oppleve nye ting og han har byrja å finne seg sjølv,
men han veit at han ikkje kan bu der over lenger tid.

Asim er ein aktiv, snill og smilande gut med godt humør.
Han liker å ta vare på dei rundt seg som han er glad i og liker å få andre til å smile.
Han liker å oppleve nye ting og ønskjer seg ein familie som han kan utforske verda saman med.

Asim har mykje å lære, han har eit godt språkøyre og har i tida han har budd i Noreg lært mykje på kort tid.
Han har framleis mykje å lære for å forstå samfunnet rundt seg.

Asim har opplevd ting som er vanskeleg å førestille seg, men han vil ikkje at dette skal styre framtida hans.
Ønskjer du å hjelpe Asim med å reparere sine sår og hjelpe han med å finne seg sjølv? Da vil han gjerne vekse opp med deg.

Kva fosterheim treng Asim?

Asim treng ein fosterheim med trygge, rause vaksne.
Det er ein fordel om du har erfaring og kunnskap om ulike sårbarheiter og traumer.
Det kan være andre born i heimen, då gjerne eldre tenåringar.

Asim har behov for omsorgspersonar som evner å sjå at det ligg meir bak åtferd og at åtferd kan være uttrykk for undertrykte behov og ein langvarig vanskeleg livssituasjon.
Fosterforeldrene må kunne setje grenser og rammer på ein tydeleg og omsorgsfull måte.
Fosterforeldrene må kunne trygge Asim på at han er god nok slik han er og ønskje at han skal bli den beste versjonen av seg sjølv.

Asim treng ein heim som oppriktig ønskjer å gje han gode opplevingar og erfaringar, som er aktive og interessert i å bli kjent med han og hans kultur.
Fosterheimen må gjerne ha eit godt nettverk rundt deg slik at Asim opplever å ha ein storfamilie rundt seg som ser han og bryr seg om han.

Som fosterheim får du

Fosterheimsjemsgodtgjersle og utgiftsdekking 
Opplæring 
Rettleiing og oppfølging av fosterforeldre 

Alle fosterforeldre har rett til permisjon frå arbeidet sitt, jf. arbeidsmiljøloven § 12-5 i samband med omsorg for et fosterbarn under 15 år. Det første året Asim bur i fosterheimen må ein påberekne at ein av fosterforeldra er 100% frikjøpt frå sitt ordinære arbeid.
Den andre fosterforelderen kan frikjøpast i 100% fram til Asim har blitt trygg og funne sin plass i fosterheimen. Deretter kan fortsatt frikjøp vurderast.

Vil du vite meir om Asim?

Snakk med rådgjevaren vår ved Fosterheimstenesta Sogn og Fjordane Karianne Løveng tlf. 46619118 e-post karianne.loveng@bufetat.no