"Eg trivst best når eg kan game, vere med vener og spele fotball".

Chris er ein sosial gut, som har mykje godt humør, og som har mange gode eigenskapar. Guten set pris på å vera sosial med vener. Han finn godt plassen sin på fotballaget, ellers møter han vener gjennom gaminga. Med god fagleg og sosial tilrettelegging på skulen, viser han trivsel. Undervisningsopplegget må tilpassast hans faglege ståstad og guten sine interesser. Den sosiale biten på skulen er noko som er viktig for guten, og det er noko han meistrar godt.

I kvardagen fungerer Chris best når rytmen og rammene er forutsigbare. Med bakgrunn i tidlegare livserfaringar, kan det ta tid å bygga tillit til vaksne. Når relasjonen kjem på plass, er det smilet og dei gode eigenskapane som pregar dagen. Chris er ein gut med omsorg for andre, og som ynskjer det beste for folk rundt seg. Difor er han òg godt likt av venene sine, og alle andre han sjarmerer på sin veg. Når guten sjølv kjenner på at noko er vanskeleg, treng han vaksne som lyttar, viser forståing, og møter ham med trygg og forutsigbar omsorg.

Kva fosterheim treng Chris?

Vi ser etter ein fosterfamilie som enten har vore fosterfamilie før eller som på anna vis har erfaring med born som treng stabile og tydelege rammer, og som av og til kan hjelpe med å regulere kjensler på ein trygg måte.

Chris spelar i dag fotball på det lokale fotballaget, og har mykje kunnskap om internasjonal fotball. Det er fint om ein komande fosterfamilie delar denne fotballinteressa, men han vil også setja pris på å få verta inkludert i, og kjend med, andre aktivitetar. Og då gjerne saman med andre born. Guten treng òg at dei vaksne set pris på rolege dagar.

Chris treng no ein stødig og raus fosterfamilie som har god humor, og som kan gje han god utviklingsstøtte over fleire år. Chris har eit ynskje om å vera som alle andre, difor har han no eit sterkt ynskje om å bu i ein trygg og god fosterheim. Gjennom kvardagen treng han gode vaksenpersonar som rettleier han til å ta gode val, motivera han til å gjennomføra kvardagslege rutinar, og ta del i aktivitet utanom gaminga.

Som fosterheim får du

Alle fosterforeldre har rett til permisjon frå arbeidet sitt, jfr. Arbeidsmiljøloven § 12-5 i samband med omsorg for eit fosterbarn under 15 år. Barneverntenesta vil gje lønskompensasjon ved frikjøp av ein av fosterforeldra i eitt år. Dersom det er aktuelt, vil vidare frikjøp bli vurdert i samarbeid med fosterforeldrane.

Vil du vite meir om Chris?

Snakk med ein av våre rådgjevare ved Fosterhjemstjenesten i Bergen på telefon 466 19 000 – tast 1, eller send ein e-post til fosterhjem-bergen.vest@bufetat.no