Du som sit i ungdomsrådet er valt inn i rådet fordi du representerer ungdom i kommunen din. Du skal medverke til at synspunkta til ungdom kjem fram i sakene kommunen behandlar.

Derfor er det viktig at du snakkar med ungdom frå ulike miljø om sakene de jobbar med i ungdomsråd, og sørger for at flest mogeleg får vite om arbeidet de gjer.

Det er også viktig at det finst moglegheit for ungdom og andre innbyggarar å ta kontakt med ungdomsråd, slik at alle har ei reell moglegheit til å gi innspel.

Her er nokre forslag og tips til korleis du kan få kontakt med ungdommane du representerer.

Besøke skoler og fritidsklubber

Ungdomsrådet kan besøke skolar og informere om arbeidet og sitt samtidig hente inn meiningar og innspel. Hugs å alltid spørje læraren i den klassen de skal inn i på førehand. Dersom de vil inn i alle klassane på ein skole, snakk med rektor. Da kan kanskje alle lærarane bli informerte på førehand, slik at alle veit om at de kjem på besøk.

Ungdomshøyring

På ei ungdomshøyring blir alle ungdommar inviterte i kommunen til å uttale seg om eit spesifikt tema. Innspela kan enten brukast til å utforme saker og prioriterte arbeidsområde for ungdomsråd, eller vere grunnlaget for ein rapport til kommunen, som dei kan bruke i arbeidet sitt.

Ungdomskonferanse

På ein ungdomskonferanse blir alle ungdommar i kommunen inviterte (eventuelt som representantar for skolar, organisasjonar og råd) til å foreslå, diskutere, å gi innspel på aktuelle saker.

Ungdommane på konferansen kan seie noko om kva dei ønsker at ungdomsrådet skal jobbe med det kommande året. Det finst mange ulike metodar for å gjennomføre ein ungdomskonferanse. Her er nokre eksempel:

Kafédialog

Kafédialog er ein idémyldringsmetode der målet er å få mange innspel på bordet på kort tid. Ein setter opp bord med kvart temaet sitt, f.eks. eit helsebord, eit utdanningsbord og eit miljøbord. Ein voksar er vert på kvart bord, og deltakarane kan velje kva bord dei vil sitte ved.

Bordet må vere dekt med papirduk eller noko anna ein kan skrive på så alle idéar kan noterast undervegs. Så startar kafédialogen. Den har berre to reglar:

  • Det er ikkje lov å komme med kritikk til hverandres idéar og innspel.
  • Alle idéar skal skrivast ned. Under diskusjonen held ein seg til temaet.

Målet er å komme med forslag til saker som høyrer inn under temaet. Ein kan gjennomføre ei avstemming for å prioritere nokre forslag som ungdomsråd skal jobbe vidare med.

Påverknadstorg

På et påvirkningstorg kan man foreslå saker, jobbe sammen for å spisse og jobbe videre med sakene, og til slutt gjennomføre en avstemming. De sakene som får flest stemmer blir sakene ungdomsrådet skal jobbe videre med.

Timen til klassen

Timen til klassen kan arrangerast som ei førebuing til påverknadstorget. De sender eit opplegg ut til skolane, som skal gjennomførast i kvar enkelt klasse. Målet er at klassen skal komme fram til saker som ungdomsrådet kan jobbe med. Førebu spørsmål som kan diskuterast eller jobbast med individuelt. Spørsmåla kan gjerne handle om opplevinga til ungdommen av kvardagen sin i kommunen.

Tema-/innspelsmøte

Ungdomsrådet kan arrangere tema- og innspelsmøte når de jobbar med større saker.

På eit slikt møte er det viktig at saka blir presentert på ein måte som er lett å forstå. Dette kan gjerne dei som jobbar med saka i kommunen gjere. De i ungdomsrådet bør gi tydeleg beskjed om at presentasjonen må vere forståeleg for ungdom.

Etter presentasjonen kan de dele ulike oppgåver og spørsmål som gir ungdommane moglegheit for å diskutere og komme med forslag og meiningar om saka.

Forslagskasse

De kan opprette ein fysisk eller digital forslagskasse der ungdom i kommunen kan foreslå saker. Dette kan løysast som postkassar på skolane, ei e-postadresse, eller ved å opprette profilar på sosiale medium. Der kan de ta i bruk meiningsmålingar, forslagskasse og informere om sakene de har hatt oppe i rådet.

Publisert 09. juli 2019
Oppdatert 05. januar 2021