Anerkjenning av ekteskap inngått i utlandet

Hovudregelen er at dersom de har inngått eit gyldig ekteskap i utlandet, blir de også rekna som gifte i Noreg. For å få registrert eit ekteskap som er inngått i utlandet, må de vende dykk til Skatteetaten

 

De vil likevel ikkje bli rekna som gifte i Noreg dersom ein av dykk var norsk statsborgar eller fast busett i Noreg då de gifta dykk, og

  • ekteskapet vart inngått utan at de begge var til stades under vigsla
  • ein av dykk var under 18 år då de gifta dykk
  • ein av dykk alt var gift
Søke om å få ekteskapet anerkjent

I nokre tilfelle kan de få ekteskapet anerkjend etter søknad til Fylkesmannen. Dette kjem av ekteskapsloven § 18a.

Få søknader innvilgast

For at søknaden skal innvilgast må det finnast sterke grunnar. Dei fleste søknadane blir avslått. Denne regelen gjeld ikkje ekteskap som vart inngått før 1. juni 2007. 

Bakgrunnen for denne regelen er at norske myndigheiter meiner det er ein særleg stor risiko for tvangsekteskap i desse sakene.

Utlendingsdirektoratet (UDI) vil til dømes ikkje innvilge opphaldsløyve på bakgrunn av eit slikt ekteskap før Fylkesmannen har kontrollert ekteskapet og uttalt at ekteskapet anerkjennast i Noreg.

Meir informasjon om kva for typar ekteskap, inngått i utlandet, som ikkje anerkjennast i Noreg finn du i Regjeringa si brosjyre om å gifte seg i utlandet.

Søknad om anerkjenning av utanlandsk ekteskap må innehalde:

  • Skriftleg oppmoding (begjæring) frå dykk begge om at de ønskjer at Fylkesmannen anerkjenner ekteskapet.
  • Vigselattest i original eller stadfesta kopi. Kopiar må vere stadfesta av advokat, offentleg kontor eller profesjonell kopieringsanstalt. Attesten må vere stadfesta med apostillestempel eller vere legalisert (stadfesta/bekrefta) av utanriksdepartementet i det landet de gifta dykk i. Attestar godkjend av norsk utanriksstasjon kan også godtakast. Vigselattesten må vere omsett til norsk eller engelsk av statsautorisert omsettar, universitets- eller høgskolelærar eller kommunal tolketeneste. Det må komme fram av omsettinga at det er originaldokumentet som har blitt omsett. Omsettingar føretatt ved, eller stadfesta av, norsk eller utanlandsk utanriksstasjon eller konsulat vil også kunne godtakast. Omsettinga av vigselattesten må også leggast fram i original eller stadfesta kopi.
  • Fullmakt frå dykk begge til å innhente utlendingssaken dykkar .
  • Kopi av begge sine pass eller reisedokument. Den av dykk som bur i Noreg må også legge fram kopi av alle brukte sider i passet/reisedokumentet. Kopiane må vere stadfesta av advokat, offentleg tenestemann eller liknande.
  • Forklaring av kvifor det vart nytta representant (stedfortreder) under vigselen eller ein av partane var under 18 år eller ein av partane allereie var gift, og kva for sterke grunnar som talar for anerkjenning av ekteskapet.

Søknaden sendast til Fylkesmannen i Oslo og Akershus

 

Saksbehandlingstid

Dersom saka ikkje er ferdigbehandla i løpet av ein månad, skal du etter forvaltningslova få eit forebels svar.

I desse sakene må vedtaksorganet ofte hente inn ytterlegare opplysningar, blant anna frå utlendingsmyndigheitene. Det tek ofte lang tid å hente inn alle dei naudsynte opplysningane, og det er derfor vanskeleg å oppgje ei eksakt saksbehandlingstid.

I nokre saker kan det ta fleire månader før saka er ferdig opplyst og ein kan fatte vedtak. 

Korleis klagar eg?

Dersom søknaden din om å få anerkjent ekteskapet ikkje blir innvilga, kan du klage på vedtaket.

Klagefristen er tre veker frå melding om vedtaket er motteken.

Klagen sender du til til Fylkesmannen i Oslo og Akershus, som sender saka over til Bufdir.