Eg har gifta meg i Noreg, men folkeregisteret vil ikkje godkjenne/registrere ekteskapet mitt

Dersom eit ekteskap ikkje er gyldig inngått, vil ekteskapet ikkje bli registrert hos folkeregisteret. 

Kvifor blir ikkje ekteskapet mitt godkjent/registrert?

For at eit ekteskap skal vere gyldig inngått, må det oppfylle vilkåra i ekteskapslova.

Døme på ugyldigheitsgrunnar er:

  • Vigslaren hadde ikkje vigselskompetanse.
  • Det låg ikkje føre gyldig prøvingsattest frå folkeregisteret på vigselstidspunktet. Det kan vere at han ikkje var innhenta eller at han var gått ut på dato. (Ein prøvingsattest er gyldig i fire månader.
  • Brudefolka møtte ikkje personleg til vigsla.
  • Begge brudefolka hadde ikkje gjeve erklæring om at dei ønskte å inngå ekteskap med kvarandre.
  • Vigslar erklærte ikkje brudefolka for rette ektefolk.
  • Ekteskapet er heller ikkje gyldig dersom prest i Den norske kyrkja ikkje følgde liturgi fastsett av Kyrkjemøtet.
Søkje om å få godkjent ekteskapet

Frå 1. januar 2016 er det Fylkesmannen i Oslo og Akershus som behandlar søknader om å få etterfølgjande godkjenning av ugyldige ekteskap.

Fylkesmannen har fullmakt til å gje etterfølgjande godkjenning av ugyldige ekteskap når det ligg føre særlege grunnar, ifølgje ekteskapslova § 16.

Det er Bufdir som er klageinstans.

Saker som vart tekne under behandling av Bufdir før 1. januar 2016, blir ferdigbehandla i Bufdir, med Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) som klageinstans.

Dersom du ønskjer å søkje om etterfølgjande godkjenning av eit ugyldig inngått ekteskap, sender du søknad til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Høvet til å gje etterfølgjande godkjenning er meint for spesielle unntakstilfelle. Dette tyder at det skal mykje til for å få godkjent eit ugyldig ekteskap.

Søknaden bør innehalde:

  • Prøvingsattest (får ein hos skatteetaten)
  • Vigselsattest
  • Forklaring frå partane om kvifor krava til vigsel ikkje vart følgde
  • Forklaring frå partane om kvifor dei meiner det ligg føre særlege grunnar for å godkjenne ekteskapet
  • Forklaring frå vigslar (den som har vigd) der det går fram kvifor vigsel vart utført utan at krava til vigsel var vortne følgde

Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Saksbehandlingstid

Dersom saka ikkje er ferdigbehandla i løpet av éin månad, skal du etter forvaltningslova få eit førebels svar. 

Korleis klagar eg?

Dersom søknaden din om å få anerkjent ekteskapet ikkje blir innvilga, kan du klage på vedtaket. 

Klagefristen er tre veker frå melding om vedtaket er motteken.

Klaga sender du til Fylkesmannen i Oslo og Akershus, som oversender saka til Bufdir.