Det kan vere krevjande for foreldra å ta inn over seg reaksjonane til barnet, fordi det vekker dårleg samvett eller at de har nok med dykkar eigne reaksjonar.
Det viktigaste for barnet er at de som foreldre aksepterer og prøver å forstå dei ulike reaksjonane til barnet og gir det tid, samtidig som de opprettheld viktige rutinar og reglar for barnet.
Barn vil ikkje nødvendigvis snakke om det som er vanskeleg på initiativet til dei voksane. Dei treng først og fremst at dei vaksne er tilgjengelege når dei sjølv begynner å prate.
Det beste de kan gjere er å sørge for godt samarbeid og fråvær av alvorlege, langvarige konfliktar. Brott mellom foreldre er vanskeleg for barn. Det er måten foreldra handterer brottet og tida etterpå som er viktigst for korleis barnet får det på sikt.